Samferdsle | 06. juli 2021

Kva bør det nye parkeringshuset heita?

Kommunen inviterer innbyggarane til å koma med forslag og kommentar.

Kva bør det nye parkeringshuset heita?
Parkeringshuset i dag. PLanen er at det skal stå ferdig i oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. juli 2021 07:11

Arbeidet med bygging av parkeringshus i Os sentrum går for fullt, også no i juli.

Parkeringshuset får 154 parkeringsplassar i underetasjen og kunstgrasbane (9-arbane) på taket. I tillegg kjem rundt 30 parkeringsplassar på øvre dekke.

Etter planen skal parkeringshuset stå ferdig i oktober. Om det skal kosta noko å parkera der, eller andre stadar i Os sentrum, er framleis uvisst.

Namnet på parkeringshuset er heller ikkje bestemt.

– Kva skal bygget heita, spør kultursjef Erik Vangsnes.

Han ramsar opp fleire geografiske og historiske faktorar som kan brukast som del av namnet;

– Bygget blir liggande på det som tidlegare var innmarka på Os prestegard og som i seinare år har vore grusbanen ved Os ungdomsskule. Kanskje namnet difor skal vera Os parkeringshus?

– Næraste nabo er Minneparken som ligg på Giskavollen. Giskavollen er òg namnet på vegen parkeringhuset skal ligga til.

– På andre sida av anlegget mot aust går vegen som heiter Landboden. Anlegget ligg samstundes på Osøyro – her er det med andre ord mange namnealternativ.

Vangsnes seier kommunen ønskjer kommentar til forslaga over - og tar gjerne imot andre namneforslag.

  • Desse kan du senda til kommunen via facebook eller til post@bjornafjorden.
  • Frist er søndag 15. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.