Brann og beredskap | 27. okt. 2024

Kva om straum, vatn og butikkar var stengte i ei veke?

Eigenberedskap er tema i desse dagar. Røde Kors skal på stand.

Kva om straum, vatn og butikkar var stengte i ei veke?
PÅ STAND LAURDAG: Os Røde Kors, her på veg på søk etter sakna, treff du på AMFI Os laurdag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. okt. 2024 09:38

Eigenberedskapsveka blir arrangert årleg av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar, frivillige organisasjonar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

Målet er å få innbyggarane til å førebu seg på at det kan skje uønskte hendingar, og styrka eigenberedskapen sin.

Nokre av oss fekk ein forsmak på behovet under orkanen «Nina». Laurdag kveld 10. januar 2015 var 3.500 osingar utan straum.

Måndagen etter var framleis 400 hus utan straum. Det eine nødaggregatet BKK sette ut måtte skiftast tre gongar grunna lynnedslag.

Markeringa av Eigenberedskapsveka 2024 i Bjørnafjorden er eit samarbeid mellom kommunen, Bjørnafjorden og brann/redning, sanitetsforeningane, Fusa Røde Kors og Os Røde Kors.

– Vi er heilt avhengige av bellom anna straum, vatn i springen, mobil og internett til dagleg, seier ordførar Terje Søviknes.

Ordførar oppmodar deg å laga ditt eige beredskapslager. Foto: EMB Vangsnes / Bjørnafjorden kommune
Ordførar oppmodar deg å laga ditt eige beredskapslager. Foto: EMB Vangsnes / Bjørnafjorden kommune

Han oppfordrar innbyggarane til å tenka gjennom korleis det står til med eigenberedskapen.

I går var det stand på Fjord’n nærsenter i Eikelandsosen, laurdag 2. november kan du møta folk frå Os Røde Kors og Sanitetsforeningen på AMFI Os.

Bjørnafjorden bibliotek har utstillingar og beredskapslitteratur både på hovudbiblioteket på Os og i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Her er DFS si sjekkliste

  • Rent drikkevann lagret på kanner eller flasker.
  • Mat som tåler lagring i romtemperatur. (Ha ekstra matvarer med lang holdbarhet, som kan lagres i romtemperatur. Gode eksempler er knekkebrød, havregryn, hermetiske linser og bønner, påleggshermetikk, energibarer, tørket frukt, sjokolade, honning, kjeks og nøtter. Eksempler på langtidsholdbar mat som krever varmebehandling, er pasta, ris, posesuppe, mel, middagshermetikk og frysetørret mat.)
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
  • Varme klær, pledd, dyner og soveposer.
  • Fyrstikker og stearinlys.
  • Ved hvis du har vedovn eller peis.
  • Gass- eller parafinovn som er beregnet for innendørs bruk er et alternativ til vedfyring.
  • Avtale om overnatting hvis du ikke har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hodelykter som går på batterier, sveiv eller solceller.
  • DAB-radio som går på batterier, sveiv eller solceller.
  • Legemidler og førstehjelpsutstyr.
  • Jodtabletter (gjelder barn og voksne under 40 år, gravide og ammende).
  • Hygieneartikler som våtservietter, håndsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukter.
  • Batterier og ladet batteribank.
  • Litt kontanter og flere betalingskort.
  • Mat og vann til kjæledyr.
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.