Lokal | 19. mars 2019

La inn bod for å berga Fjellheim som kulturhus

Glass & Tre AS hadde leigetakarar og detaljerte planar, men fekk avslag på bod på 5 millionar kroner.

La inn bod for å berga Fjellheim som kulturhus
Rolf Lunde frå Glass & Tre AS ville kjøpa Fjellheim for å driva kulturhuset vidare. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mars 2019 09:57

I oktober i fjor blei Fjellheim lagt ut for sal, med prisantyding på 10 millionar kroner. I januar fortalte meklar at det førebels ikkje hadde kome inn bod, men at fleire interessentar hadde vore og sett på bygget.

– Eg har ikkje vore engasjert i aksjonen for å bevara Fjellheim, men var overraska då meklar fortalte meg dette i samband med at vi kjøpte bedehuset i Hagavik, seier Rolf Lunde i Glass & Tre AS.

At Fjellheim, som kan rivast til fordel for bustadbygging, på fem månadar ikkje har generert andre bod enn hans eige, tolkar han som eit teikn på at utbyggarar ikkje klarer å rekna heim eit godt prosjekt til denne prisen.

– Det forstår eg godt. Marknaden for leilegheiter ser ut til å vera metta i Os, dessutan kostar det tid og pengar å få realisert rundkøyring mellom Byvegen og Holtbrekka før bustadar kan byggast.

Sjølv starta han eit intensivt arbeid for å planlegga kjøp og vidare drift av kulturhuset frå 1938 (les òg: – Ein sprek 75-åring), som blei stengt då Oseana opna i 2011.

Ville starta «Kulturhub Fjellheim»

Glass & Tre AS i Lønningdal ga kommunen eit fullfinansiert bod på fem millionar kroner. Saman med bodet la selskapet òg fram detaljerte planar for korleis dei ville driva Fjellheim vidare.

– Fjellheim er ein kulturell diamant! Vi ville etablera eit lågterskeltilbod for alle i Os som har bruk for rimelege lokaler. Vi har vore i dialog med fleire av dei, og hadde leigetakarar klare.

Under namnet Kulturhub Fjellheim fekk eigedomsutvalet forelagt ein plan som inkluderte opprusting av bygget for bruk til kulturhus. Kjøpar ville dessutan tinglysa ein klausul som sa at eigedomen ikkje kunne søkast omregulert eller bli vesentleg ombygd. Dette for å sikra at bygget blei brukt til kultur i mange år framover.

Logo, heimeside (kulturhub.com) og konsept var ferdig utarbeidd, ulike rom og avdelingar hadde òg fått lokale namn knytt til Oselvo.

– Men denne brukargruppa er ikkje betalingsdyktig nok til at bodet kunne vore noko særleg høgare enn fem millionar, seier Lunde, som fekk avslag på bodet.

– Kommunen vil tydelegvis lata Fjelheim rotna på rot

Eigedomsutvalet sa nei til bodet.

– Det betyr ikkje så mykje for oss, vi har nok av prosjekt å henga fingrane i, seier Lunde.

– Men eg undrar meg over avslaget, at dei takkar nei til eit prosjekt som ikkje ville ha kosta dei fem flate øre, det einaste bodet på fem månadar, frå ein privat aktør som er villig til å ta på seg kostnad, risiko og arbeidet med å ta vare på denne gedigne eigedomen.

Lunde trur det kunne hatt positiv effekt også på valkampen til dei som eventuelt hadde takka ja til dette.

– No skrotar vi planane og konstarerer at toget har gått for kulturspetakkel i Fjellheim. Eg trur bygget no kjem til å rotna på rot.

I eigedomsutvalet sit ordførar Terje Søviknes (Frp), varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) og Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Søviknes, som i dag er opptatt i møte i Os formannskap, seier per sms til Midtsiden at det var eit samrøystes eigedomsutval som avslo bodet.

– Vi meiner bodet er for lågt. Vi har ein verditakst på 7 millionar kroner og ein prisantyding på 10 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.