Politi | 02. sep. 2022

Sjekka tohjulingar - fann ein del å reagera på

Testa moped på rullaband - fekk den opp i 85 km/t.

Nokre av mc-ane som blei kontrollerte i Industrivegen i dag. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. sep. 2022 13:20

Statens vegvesen har hatt trafikkontroll på Halhjem, i Hjellemarka og i Industrivegen i dag.

I alt 478 bilførarar er kontrollerte for bilbeltebruk. To av desse mangla belte, og fekk gebyr.

– Ein bilførar fekk køyreforbod grunna bruk av ei slitt reim til å festa last på tak, men fiksa dette på staden og fekk køyra vidare, opplyser Mikael Weisz Breistein i rapporten frå dagens kontroll.

Vegvesenet kontrollerte også ein del motorsyklar, lett MC og mopedar.

Der var det ikkje alle som fekk køyra vidare.

Fire køyreforbod av same årsak

Fire av dei kontrollerte tohjulingane, både tung MC, lett og moped, fekk køyreforbod grunna manglande estriktor/DB-killer i eksosanlegget.

– Ein slik mangel genererer støy som er til irritasjon for andre trafikanter og innbyggarar, og er ikkje i tråd med krav eller forskrifter.

Rask moped i skilt i vinkel

To MC-førarar fekk kvar sitt gebyr på 3000 kroner grunna helningsvinkel på over 30 gradar på skiltet.

Ein moped blei avskilta, og førar blei meldt, då mopeden vedkomande køyrde viste seg å vera langt raskare enn kva som er godkjent toppfart på ein 50 kubikk.

Vegvesenet tok rulleprøve, og der gjekk mopeden i heile 85 km/t.

Feil som går igjen

– Vi ser at det er ein gjengangar på både mope, lett MC og tung MC at det blir montert uoriginale eksosanlegg som ikkje er godkjente.

– I tillegg er det fleire som har spegl som ikkje er e-merkte eller godkjente for vegbruk, skiltvinkel utanfor krav, uoriginale bremsehendlar som ikkje er godkjente eller tilfredsstiller kravet til styrke. Sistnemnte kan resultera i knekt
bremsehendel ved for eksempel nødbrems, og dei konsekvensane dette kan medføra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.