Lokal | 11. nov. 2013

Lågare fart på Strønevegen

Strønevegen har fått 8 (!) nye fartshumpar og lengda på 80-sona på Ulvensletta er nesten halvert. Men éin feil vil vegvesenet retta opp i.

Ved avkjørsla til Dahlsvegen har det kome ny fartshump, 1 av 8 nye mellom krysset og Strønebrua. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. nov. 2013 12:07

Etter å ha montert lysregulering og bygd fartshumpar i og nær Os sentrum gjekk vegvesenet i førre veke laus på fylkesveg 160, Strønevegen.

Ved avkjørsla til Dahlsvegen kom det for nokre månadar sidan ny lysregulering i fotgjengarfeltet, no har det kome fleire nye fartshumpar i området.

– Det er bygd åtte fartshumpar mellom krysset og Strønebrua, fortel Anne Færestrand frå Statens vegvesen.

– Det meste arbeidet er ferdig, men det skal skiltast ned frå 60 til 50 km/t på vegen frå Irgenskrysset til 30-sona forbi skulen på Skeie.

Uheldig mange kryssingar

Bjørn Rune Tvedt i planavdelinga hos vegvesenet fortel at målingar og samarbeid med politiet har ført til endringane.

– Vi har hatt måleutstyr ståande for å registrera både fart og trafikkmengde, fortel han.

I tillegg til stor trafikk og høg fart er det fysiske årsaker til at vegvesenet vil sikra Strønevegen betre.

– Det er mange små bustadfelt langs vegen, og ein gang- og sykkelveg som skiftar side fleire gongar. Det gjer at det blir uheldig mange kryssingar av vegen.

Kortare 80-sone

På Ulvensletta er "fartsetappen" frå Kloppamyra til Ulven leir nesten halvert, den 1,8 kilometer lange 80-sona er korta ned med cirka 800 meter.

Kjører du frå Strøno mot Os aukar ikkje fartsgrensa til 80 km/t før du er cirka midt på flystripa på Vaksinen.

Det er sett ned fartsgrensa forbi jakt- og fiskelaget sitt klubbhus, Ulvehiet, Rolls Royce og Kloppamyra, stadar der det kan vera vanskeleg å koma seg inn på fylkesvegen når bilane kjem i høg fart.

Vil fjerna lysregulering

Vegvesenet ser ut til å vera nøgd med dei nye tryggleikstiltaka, men det første grepet som blei gjort på Strønevegen i denne omgangen, lysreguleringa av fotgjengarfeltet ved Dahlsvegen, var ein glipp.

– Det er rett og slett for få fotgjengarar som bruker denne overgangen til at det passar å regulera den med lys.

– Lysa skal vekk igjen og blir flytta til ein annan plass i fylket, seier Tvedt.

– Kva med gangvegen?

Medan vegvesenet har bygd hump etter hump stå vegstykket mellom Irgenskrysset og Ådnadalen framleis utan gang- og sykkelveg.

– Er dette noko som kjem i neste trinn, når Strønevegen no skal tryggast?

– Bygging av fortau, med mindre det er korte stykke, blir for omfattande for den potten eg er med på å styra.

– Vi har 15 millionar i året, på fylkesbasis, til mindre trafikktryggingstiltak. Dette fortauet må du nok snakka med nokre andre om, avsluttar Bjørn Tvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.