Båt og sjøliv | 07. sep. 2022

Lager «Rebus Run» for ungdom

– Dei skal få seg ei god løype, seier Arefjord og Haugland.

Lager «Rebus Run» for ungdom
Anders Arefjord (t.v.) og Eirik Haugland vil samla unge båtførarar til rebuskøyring rundt Øyane laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. sep. 2022 09:31

Etter årets Bergen Poker Run uttalte Anders Arefjord at han er glad for å sjå at det er fin rekruttering til arrangementet, med fleire unge vaksne som investerer i powerboat, og ikkje kvir seg for jobben som må til for å halda sånne båtar ved like.

To lokale og to som fekk pris.
Les ògEin ny generasjon med poker run-deltakarar veks fram

No har Arefjord saman med ein annan Poker Run-veteran frå Os, Eirik Haugland, plan om å laga eit arrangement for dei som er endå yngre.

– Det starta med at vi hadde 35 Poker Run-tskjorter igjen i storleik «small». Det er jo ingen av oss som er «small» lenger, så då lurde vi på å dela desse ut i premie, seier Anders.

– Så ser eg jo desse «såpestykka» (fargerike småbåtar) som susar rundt her, og tenkte at kanskje nokre av dei yngre båtførarane ville ha eit arrangement.

Køyrer «Junior Rebus Run» til helga

– Det kjem med litt kort varsel, men samtidig har vi då litt kontroll på vêret.

Det er meldt opphaldsvêr, 17 gradar og vindstille i Os førstkomande laurdag.

Då blir det «Junior Rebus Run» med fellesstart frå Bunnpris Vedholmen og målgang ein stad på Kjerringahavet mellom Bunnpris og Lepsøy.

– Dette er ikkje rein kappkøyring, vi fann ut at det kunne krevja for omfattande tryggleikstiltak, seier Eirik.

– I staden har vi planlagt ei rebusløype der deltakarane tar postane i den rekkefølgja dei vil. Det er framleis konkurranse om å klara løypa raskast, men då får vi spreidd båtane i fleire retningar, for det er valfri rekkefølgje på postane.

Reglar og anbefalingar

Målgruppa er ungdom i småbåtar. Maks motorstyrke er 10 hestekrefter.

Båtførar må vera under 16 år gamal, men det er lov å ha med eldre søsken, venar eller foreldre som kartlesar.

Deltakarane får utdelt eit kart på førarmøte før start. Kartet viser kvar postane er.

– Vi henger ut merke deltakarane skal ta med seg som bevis på at dei har vore innom kvar post.

Postane blir i og rundt Øyane, frå Strøneosen og Ullsund til øyene utanfor Halhjem.

Dei fleste merkene vil henga på stakar som markerer skjer og fluer, men kan også vera på brustolpar eller nokre meter opp på land.

Ein faktor i konkurransen blir å velja god strategi på rekkefølgja du køyrer i.

– Vi lurde på å ha det som eit krav å vera to i båten, men i tilfelle nokon manglar mannskap er det berre ei anbefaling.

Med to om bord kan den eine vera navigatør og i tillegg ta løpetur på land etter merke.

– Småbåtane går jo raskare om du er åleine, men vi håper flest mogleg stiller med minst to om bord.

Det blir premiering til dei tre raskaste. Dei første 25 personane (12-13 båtane) som melder seg på får i tillegg kvar si Poker Run-tskjorte.

– Om nokon kler seg ut og lager litt liv, blir det også premiering for «best in show», slik også Poker Run har.

Arrangørane har lagt ut arrangement på Facebook. Deltaking er gratis.

På Bunnpris Vedholmen blir det lagt opp til ekstra tempo i pizzabakinga og hot dog som del av menyen til kundane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.