Sport | 01. juli 2019

Mista drevet i Arendal Poker Run

Årets høgdepunkt fekk ein brå slutt for Anders Arefjord med mannskap i superraske Nor-Tech 47.

Mista drevet i Arendal Poker Run
Anders Arefjord sin Nor-Tech 47, her under Bergen Poker Run, som var innom Øyane og Bjørnatrynet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juli 2019 10:58

I fjor kjøpte osingen Anders Arefjord ein Nor-Tech 47 fot med turbinmotorar på 2 x 1850 hestekrefter, ein båt med toppfart på heile 174 knop!

I år kom den på sjøen. Tull med ein startar gjorde at han måtte til Florø Poker Run med ein annan båt, men helga etter gledde Arefjord seg over vellykka deltaking med nyebåten i Bergen Poker Run.

• Sjå bildeserie og video frå Bergen Poker Run

Førre helg deltok Arefjord med mannskap i Arendal Poker Run.

– Dette er det største vi skulle delta på i år, med over 50 deltakarar, alle i høgare klasse når det kjem til fart, fortel Anders.

To tredelar av løpet gjekk fint.

– Ikkje så dramatisk

«Millionbåt begynte å ta inn vann under båtrace» skriv Agderposten om båten frå Os.

Bråstoppen kom mellom Lillesand og Homborsund. Redningsskøyta Inge Steensland kom til for å hjelpa.

– Vi hadde ein fart på rundt 105 knop då det skjedde. Det var ikkje så store bølgjer, og det var ikkje kritisk for oss om bord, seier Anders til Midtsiden.

– Den eine løftesylinderen lausna frå undersida av badeplattforma. Då denne var laus lausna også drevet, og båten tok inn vatn.

Heime på reparasjon

Arefjord har diskutert hendinga med den norskeigde fabrikken i Florida.

– Det er berre laga to båtar av denne typen, og denne er den einaste med turbinmotor. Sjølve båten er 43 fot med ei badeplattform som gir ekstra 4 fot. Mens hekken er sterk, ser det for meg ut som om opphenget til løftesylindrane skulle vore sterkare. Det er her det har lausna, og også plasten rundt festet til den andre sylinderen har sprekker.

Båten er no heime i Os. Arefjord og laget hans skal no støypa på nytt for å styrka opphenget og setja båten i drift igjen.

– Vi skal til Arendal igjen for å søka med sonar og dykka etter drevet. Vi veit om lag kvar det ligg, på rundt 22 meters djupne. Dei andre delene må vi bestilla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.