Politi | 16. feb. 2023

Laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen

Tre tatt i fartskontroll. Høgaste fart blei målt til 79 km/t i 70-sona.

Laser- og promillekontroll på Halhjemsvegen
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitorsdag 16. feb. 2023 11:47

Torsdag formiddag blei det utført laser- og promillekontroll på E39 Halhjemsvegen på Vekta.

Totalt blei 41 biler kontrollert av utrykkingspolitiet (UP).

– Tre bilførarar fekk forenkla forelegg for fart. Høgaste fart blei målt til 79 km/t i 70-sona, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Med dei nye satsane tilsvarer det 3.000 kroner i forelegg.

Éin bilførar fekk forelegg for bruk av mobil. Dette tilsvarer ein bot på 9.700 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Éin bilførar fekk gebyr på 1.500 kroner for manglande bruk av bilbelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.