Kultur | 28. mars 2019

Leia kyrkja i Os i 22 år

– Det viktigaste som har skjedd på mi vakt handlar om nestekjærleik, seier avtroppande kyrkjeverje, Gerhard A. Hansen.

Leia kyrkja i Os i 22 år
Kristine Fjeld og Gerhard Hansen då årsmøtet takka avtroppande kyrkjeverje for god innsats i 22 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. mars 2019 07:57

Under årsmøtet til Os kyrkjelyd søndag blei kyrkjeverje Gerhard August Hansen takka av med talar, gåvekort og intervju i «Lindmo-stil», gjennomført av Tonje Hernes, framfor rundt 70 deltakarar på møtet. Han går av med pensjon til helga.

– Intervjuet var eg uførebudd på, og som det ofte er med ting som blir tatt på strak arm så kjem gjerne ideane om dei beste svara etter at alt var over. Men det var ein uformell og hyggeleg samtale, synest Gerhard.

Gåvekortet på reise skal nyttast i løpet av året. Destinasjonen er ikkje bestemt, men det kan fort bli nok ein tur til favorittreisemålet Madeira.

Frå sjukeheim til kyrkjelyd

Hansen har vore «dagleg leiar» for Os kyrkjelyd sidan 1997. Han overtok etter Magne Eivind Glomnes, som søkte jobb i heimbygda si på Møre då det kom ei lovendring som førte til at fleire sokn fekk kyrkjeverje på fulltid.

– Glomnes jobba deltid i Os, men då han fekk ny jobb og stillinga blei utvida til fulltid, så søkte eg på jobben, fortel Gerhard.

Han var styrar for Os sjukeheim sidan 1987, flytta til Os i 1988 og har òg jobba som avdelingssjef for helse og omsorg i Os kommune.

Husrom og hjarterom

Rundt 80 prosent av innbyggarane i Os er medlem, og uavhengig av kor aktivt forhold du har til religion, er eigedomane og seremoniane noko fleirtalet i bygda har nytte og glede av.

– Dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd er merkedagar som ofte inkluderer besøk av store grupper, men òg når bygda har vore prega av sorg, etter alvorlege hendingar, ser vi kva funksjon kyrkja kan ha som ein stad for håp og trøyst.

Byggeprosjekt har det blitt rikeleg av i løpet av Hansen si tid bak roret, frå starten med planlegging og realisering av Nore Neset kyrkje og gravplass, til to omgangar med utviding av gravplassen på Kuventræ og bygging av kontor på det som blei Kyrkjetunet.

Og no sist; utviding til Tunet kyrkje- og kultursenter, som opna i 2017.

– Det viktigaste som har skjedd på mi vakt

Sjølv om han har hatt sans for både variasjonen i oppgåver, og det å få delta på fleire spennande byggeprosjekt i si tid som kyrkjeverje, er det verken Nore Neset kyrkje eller utviding av Tunet han ser på som det viktigaste som har skjedd i hans tid som leiar.

– Med vekst i folketalet følgjer vekst i overføringa frå Staten. Då vi i 2010 fekk eiga diakon-stilling, var det nok det viktigaste som har skjedd på mi vakt.

– Diakonen styrer fleire tilbod som er essensen i kristendomen sett ut i praktiske tiltak. Det handlar om nestekjærleik og omsorg, oppsøkande verksemd og oppfølging, der det er behov.

– Språk-kafeen er eitt eksempel, der vi hjelper til med å integrera nye innbyggarar, eigne tilbod for sørgande er eit anna. Anten du har mista nokon, eller mista ein relasjon, for eksempel i eit samlivsbrot eller ein skilsmisse, kan du finna trøyst og håp i det Os kyrkjelyd har å tilby. Gratis, uavhengig av om du er medlem eller har ei anna tru.

Auka frå 7 til 15 tilsette

Avtroppande kyrkjeverje gler seg òg over tilboda som har kome dei seinare åra, retta mot yngre medlemmar, som «Lys vaken», «Tårnagentane», «Førsteklasses» og «Skaperdager».

– Folketalet har auka frå 13.000 til 20.000 i løpet av desse 22 åra, og vi i Os kyrkjelyd har dobla administrasjonen, frå 7 tilsette til 15 tilsette, fordelt på 12 årsverk. Eg har vore heldig som har vore omkrinsa av så mange flinke, engasjerte og sjølvgåande kollegaer.

Avskjedsfest med kollegaene blei tatt tidlegare i vinter, på Solstrand.

Til sommaren fyller Gerhard 68 år. Han går no av med pensjon etter å ha stått litt over tida for å hjelpa til med kommunesamanslåinga, og som overlapp med ny kyrkjeverje, Kristine Fjeld, som starta i jobben 1. februar i år.

– Kva skal du bruka tida di på frå 1. april?

– Eg har hus og heim som krev sitt, og vi har hytte på Skjælaaen i Samnanger, som vi liker å bruka. Saman med den eine dottera vår har vi òg ei hytte på Hardangervidda. Dessutan blir det betre tid til borneborna, det ser eg fram til!

– Men eg vil halda fram med frivillig arbeid for Os kyrkjelyd, legg Gerhard til.

Kristine Fjeld får større ansvarsområde

Fjeld får kort tid som kyrkjeverje for Os, ho blir nemleg kyrkjeverje for Bjørnafjorden kommune etter 11 månadar i ny jobb.

Då aukar ansvarsområdet òg frå 2 kyrkjer og 3 gravplassar i Os til i alt 7 kyrkjer og 13 gravplassar når dei i Fusa har blitt lagt til.

– Kva har du lært av desse få vekene saman med avtroppande kyrkjeverje?

– Mykje! Men først og fremst at eg har mange flinke kollegaer, seier Kristin Fjeld, imponert og takksam over innsatsen Gerhard Hansen har gjort i over 20 år, både i arbeidstida og som frivillig, seier Kristine Fjeld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.