Lokal | 08. juni 2013

– Ligg godt an

20. og 21. november arrangerar Lions yrkes- og utdanningsmesse for elevar rundt Bjørnefjorden. – Vi har allereie omlag 80% av utstillarane klare, fortel Bjørn Solheim.

– Ligg godt an
Thorleif Eikeland og Bjørn Solheim i Os Lions er prosjektansvarleg og prosjektleiar for yrkes- og utdanningsmessa på Nore Neset (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. juni 2013 07:59

For omlag eitt år sidan tok Os kommune initativ til ei yrkes- og utdanningsmesse for Bjørnefjord-regionen. Håpet var at Os Lions ville ta på seg å arrangera den.

– Det har vi gjort.

– Messa opplever vi som ein naturleg del av det samfunnsengasjementetet og samfunnsansvaret vi ønkjer å ta.

– Det er ikkje enkelt for unge å finna ut kva ein skal bli, og det er mange som fell ut av læringsløpet, dette håpar vi ei yrkes- og utdanningsmesse kan vera med på å hindra, fortel prosjektansvarleg Thorleif Eikeland og prosjektleiar Bjørn Solheim.

Messa eit forebyggande arbeid

Med den årlege tulipanaksjonen jobbar Os Lions allereie forebyggande mot unge.

– Vi pleier si i samband med aksjonen at det er betre å byggje eit barn enn å reparera ein vaksen.

– Det er noko av det same det handlar om no. I tillegg håpar vi sjølvsagt at messa kan gje eit overskot som vi kan kanalisera tilbake til det forebyggjande arbeidet.

Dei to fortel at planen er at det skal bli ei åreleg yrkes- og utdanningsmesse for dei fem kommunane Austevoll, Fusa, Os, Samnanger og Tysnes.

1700 elevar

Då Lions starta planlegginga av messa såg dei for seg at dei to siste åra på ungdomsskulen og siste året på vidaregåande skule var målgruppa.

– Då vi snakka med dei vidaregåande skulane sa dei at dei ønkja å sende alle klassetrinna, så no er målgruppa elevar frå 9. klasse i ungdomsskulen til 3. klasse på vidaregåande.

– Totalt snakkar vi om omlag 1700 elevar.

Pedagogisk opplegg

Saman med kommunen og skulane er Lions i ferd med å utarbeida eit pedagogisk opplegg rundt messa.

– Elevane skal førebu seg til messa og skal gjera eit etterarbeid etter at dei har vore på den.

– Dette freister vi å få utstillerane med på òg, slik at det heile blir noko meir enn ei tradisjonell utdanningsmesse, fortel dei to.

Seminar for foreldra

Messa, som vil bli arrangert på Nore Neset Aktivitetshus, er open for alle som vil.

– Det er ikkje berre elevane vi ønskjer å nå også andre som ønskjer å sjå kva moglegheiter som finnst i Bjørnefjord-regionen er hjarteleg velkomen.

– VI har òg under planlegging ei rekkje med mini-seminar på ettermiddagstid for foreldre og andre.

Håpar på 60 utstillarar

Allereie har Lions gjort avtale med omlag 40 bedrifter, institusjoner og høgskuler om å koma på messa.

– Det er alt frå mindre handverksbedrifter til store industribedrifter, som alle har ei tilknyting til ei av kommunene rundt Bjørnefjorden.

– I tillegg kjem offentlege institusjoner som Helse Bergen, NAV og Arbeidstilsynet.

– Arbeidstilsynet vil fortelje elevane om det å vera i arbeid og kva rettigheter og pliktar ein har.

– Opplæringskontora for dei forskjellege yrka kjem òg sjølvsagt til å vera representerte.

– Om det er ei bedrift som tenkjer at der kan vi kanskje koma i kontakt med potensielle lærlingar, men som ikkje har blitt kontakta av Lions. Kva gjer dei?

– Då kan dei kontakta ein av oss to.

– Det enklaste er kanskje å gjera det via heimesida vår, fortel Thorleif Eikeland og Bjørn Solheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.