Politi | 22. des. 2022

Lite kvile før jul

Vegvesenet sjekka køyre- og kviletid, og fann ein del å reagera på.

Den nye kontrollplassen ved Svegatjørn langs E39. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. des. 2022 08:55

Onsdag på dagtid hadde Statens vegvesen kontroll på E39 ved Svegatjørn.

Hovudfokus var teknisk, dokument, dekk og kjetting - og køyre- og kviletid.

Det blei gitt fire bruksforbod, to av dei for gjenstand i frontruta, dei to andre for underkøyringshinder og lause boltar i svingkransen.

11 sjåførar blei kontrollert for køyre- og kviletid, noko som førte til yttarlegare 11 reaksjonar:

  • Eitt firma blei meldt for utgått fartsskrivar
  • Éin førar fekk gebyr (1000 kroner) for brot på køyre- og kviletidsreglane. Foretaket fekk 2000 kroner i gebyr
  • To firma blir rapportert til foretakskontroll for brot på køyre- og kviletidsreglane
  • Tre firma fekk mangel på ikkje registrert foretak i fartsskrivar
  • Fire sjåførar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletid

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.