Politi | 07. des. 2022

To sjåførar meldt - ein fekk gebyr på 8000 kroner

Politiet hadde to promillekontrollar i går, vegvesenet sto i Ulvenvegen ved Svegatjørn.

To sjåførar meldt - ein fekk gebyr på 8000 kroner
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. des. 2022 07:41

UP hadde to promilekontrollar i Os tysdag.

I 11.20-tida kontrollerte dei 23 bilistar på Halhjem ferjekai.

I 13.20-tida sjekka dei 22 trafikantar i Mobergsbakken.

– UP fann ikkje noko å reagera på, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Tysdag kveld hadde vegvesenet kontroll i Ulvenvegen ved Svegatjørn.

25 tunge køyretøy var over kontrollplassen. Alle blei sjekka for vinterutrusting og ulike formar for dokumentasjon.

Det enda med to mangellappar for lys, to åtvaringar for brot på køyre- og kviletida og eitt gebyr på 8.000 kroner for manglande autopassavtale.

I tillegg blei det gitt tre bruksforbod.

Det eine var for manglande dokumentasjon på gyldig yrkessjåførkompetanse. Dette måtte dokumenterast før vidare køyring

Det andre var for manglande transportdokument i samband med transport av farleg gods (ADR). Vedkomande blei også meldt.

Ein tredje sjåfør fekk også bruksforbod og blei meldt då vedkomande mangla fraktbrev/cmr i samband med kabotasjekøyring. Dokumenta måtte framskaffast før vidare køyring. Det vart også sendt ein rapport til samferdselsmyndigheiter om forholdet, skriv vegvesenet i rapport frå kontrollen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.