Samferdsle | 30. nov. 2022

Kontroll av lette og tunge køyretøy på kontrollplassen

– Statens vegvesen kjem til å ha fokus kontrollar på dekk og kjetting gjennom vinteren.

Kontroll av lette og tunge køyretøy på kontrollplassen
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 30. nov. 2022 10:33

To dagar denne veka har Statens vegvesen gjennomført kontroll på kontrollplassen ved Svegatjørn.

Måndag kontrollerte dei tunge køyretøy, medan tysdag kontrollerte dei både lette og tunge køyretøy.

Til saman blei 89 køyretøy sjekka over dei to dagane.

Alle køyretøy som var innom kontrollplassen, blei slått opp i SVVs kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring.

Avrenning frå fiskelast

Måndag kveld sjekka Statens vegvesen 31 tunge køyretøy. Tre av desse fekk bruksforbod.

Ein måtte sikra lasta betre før vidare køyring.

Den andre føraren var begjært avskilta, men dette blei ordna opp i i løpet av kontrollen.

Medan den tredje lastebilføraren hadde avrenning frå fiskelast, og måtte stansa avrenninga før han kunne køyra vidare.

Tre dekkgebyr blei delt ut på grunn av for liten mønsterdjupne. Dekkgebyra er på 2.000 kroner per dekk.

To førarar fekk åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletidsreglane.

Og to andre lastebilar fekk mangelsetel på grunn av tekniske manglar på køyretøyet.

Fokus på dekk

– Vi har no kome inn i perioden for vinterutrustning på kjøretøya. To datoar er viktig, opplyser John Kåre Larsen frå Statens vegvesen i pressemeldinga.

For køyretøy over 3.500 kg er det frå 1. november krav til 5 mm mønsterdjupne på dekk. Og at kjettingar er med i bilen.

Frå 15. november er det krav til 3 peak snow flake vinterdekk merking, på framre styrande hjul og alle drivaksler. Resterende aksler skal vera merkte med M+S. Tilhengarar skal vera merkte med M+S.

– Statens vegvesen kjem til å ha fokus kontrollar på dette gjennom vinteren.

Kontroll av dekk og kjetting

Tysdag blei både lette og tunge køyretøy sjekka.

Hovudfokuset var på teknisk, vekt, dekk, kjetting, dokument og køyre- og kviletid.

Dekk og kjetting blei kontrollert på 46 av 58 køyretøy.

Det blei delt ut gebyr på til saman fire dekk, som hadde mindre enn 5 mm mønsterdjupne. Dekkgebyra er på 2.000 kroner per dekk.

Eit kjettinggebyr på kr 1.200 kroner blei også delt ut.

Fem bruksforbod

Fem av dei 58 køyretøya fekk bruksforbod.

To lette motorsyklar fekk bruksforbod på grunn av støy. (Dei har ikkje montert såkalla DB-killer).

Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha merka utstikkande last. Dette måtte bli ordna før førar fekk køyre vidare.

Eit bruksforbod blei delt fordi førar ikkje hadde med leasingavtale som knyte bilen med løyve.

Og eitt køyretøy fekk bruksforbod for ikkje å ha dratt ut underkøyringshinder.

(Underkøyringshinder skal hindra mindre bilar å setta seg fast under lastebil eller tilhengjar ved ein eventuell kollisjon).

Tekninsk mangel

To lette motorsyklar fekk teknisk mangel på spegel og støy.

Motorsyklane må visast hos Statens vegvesen.

Eitt køyretøy fekk teknisk mangel på lause boltar i svingkrans på tilhengjar.

Ein anna førar fekk teknisk mangel for feil med parkeringslys.

Ein førar fekk 500 kroner i gebyr for ikkje å hatt med seg førarkortet.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.