Oseana | 13. juni 2023

Lokal bursdagsfeiring på Oseana-terrassen

70 år gamle Søre Neset Musikklag er blant fleire lokale aktørar som skal i sving på 12-årsdagen til Oseana laurdag.

Lokal bursdagsfeiring på Oseana-terrassen
Søre Neset Musikklag er 70 år. Det «blåser dei i», med gratiskonsert laurdag formiddag. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. juni 2023 08:13

Laurdag er det 12 år sidan Oseana blei opna. 10-årsdagen feira dei med stor festkveld som 10+1 halvanna år etter pandemien.

I år blir det ei lys og lett lokal markering, delvis utandørs.

Det startar med yoga i Griegsamlinga på morgonen, med påfølgjande frukost og kunstomvising.

Så kjem nokon som har rund dag, Søre Neset Musikklag, og speler gratiskonsert før lunsj.

– Planen var at dei skulle spela i foajeen, men med dei gode vêrmeldingane vi har for tida, så flyttar vi korpskonserten ut, fortel arrangementsjef Berit Steen.

Utescenen skal også brukast på ettermiddagen.

Då kjem Oldtimers Bigband med vokalistane Jan Haaland og «crooner» Fredrik Schmidt Fotland for å spela.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.