Los i Os: Hagafjøra
Populær badeplass med lett tilkomst og gode fasilitetar.

«Los i Os» er ein serie på Midtsiden med dronevideo og presentasjon av fjell og andre turområde i Osbygda og nokre nærområde.
Tekst og foto: André Marton Pedersen
Noko av det eg liker aller best er å studera kartet over Bjørnafjorden og sjå etter flotte stedar å besøka. Det å koma til ein ny stad er spennande, det er fint å oppdaga ulike perler i heimkommunen. Vi er heldige som har mange flotte fjører, viker og holmer vi kan nyta om sommaren.
Ein av desse flotte plassane er friluftsområdet Hagafjøra i Eikelandsosen, som er drifta av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).
Hagafjøra er utstyrt med toalett, fleire bord, fast grill og baderampe for bevegelseshemma. Også toaletta er tilpassa handikappa.
- Sjå også bof.no
Området er vestvendt, så her kan du nyta seine sommarkveldar.
Parkeringsplassen ligg i kort avstand til fjøra, stien ned er brei og fin.
Friluftsområdet ligg nokre få minutt med bil frå Eikelandsosen sentrum, så om du har gløymd å kjøpa skillingsbollar, så er hjelpa ikkje langt unna.
Hagafjøra er ein nydeleg plass som er mykje nytta av lokalbefolkinga. Er eg over fjorden i sommar, så kjem eg òg!
Helsing André, turlos i Os
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.