Fotball | 02. okt. 2022

Lysekloster berga eitt poeng

Det er likevel jamt i toppen på avdelig 3 når tre kampar står igjen.

Lysekloster berga eitt poeng
Fiton Durguti skåra både heime (bildet) og borte mot Djerv 1919. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. okt. 2022 07:49

Etter 1-6-siger borte over tabelltoar Brodd og 3-1 heime over Bremnes har Lysekloster klatra seg tettare på toppen i poeng, men borte mot Djerv 1919 blei det i går berre eitt poeng.

Vertane leia 2-0 til pause, Fiton Durguti reduserte til 1-2 og Alexander Dang utlikna i andre omgang.

Kampen enda 2-2.

Samtidig gjekk Brodd på nok eit tap, 1-2 heime for Stord, og Fana slo Vidar 1-4 borte og klatra til 2. plass.

Brann 2 slo Viking 2 31 heime, og ligg framleis på topp, men 48 poeng er berre 3 poeng framfor Fana.

Brodd er på 3. plass med 44 poeng, 3 poeng framfor Lysekloster.

Det er tre kampar igjen i årets serie.

Lysekloster møter Bjarg (6. plass) heime, Sola (12.) borte og Vidar (5.) heime i dei tre siste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.