Fotball | 18. sep. 2022

Tok ein knusande siger over tabelltoar

Lysekloster skåra seks mål på avdelingas mest gnitne lag.

Tok ein knusande siger over tabelltoar
Lloyd Fagerlie, her mot Fana førre helg, hadde både assist og skåring mot Brodd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. sep. 2022 07:33

– Det kjennest som om vi har tapt åtte poeng, sa Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter 1-2-tapet for Fana heime førre helg.

Tre kampar på rad hadde vippa i disfavør, Fana hadde overtatt 3. plassen og neste motstandar var tabelltoar Brodd.

Før gårsdagens runde, på 19 kampar, hadde Brodd berre 18 baklengsmål. Mot Lysekloster sleppte dei inn 6.

– Det var berre 1-1 til pause, men utover i første omgang viste vi oss som det sterkaste laget. I andre omgang tok vi fullstendig over kampen, seier Ruben.

Dang med 12 mål på 11 kampar

Håvard Rinde sette inn 0-1 i første omgang, midtstoppar Toni Takamaki sendte Lysekloster i leiinga med 1-2.

Kaptein Tobias Alme tok ned eit fint innlegg av Lloyd Fagerlie og sette inn 1-3 før Lloyd sjølv auka til 1-4.

Så kom Alexander Dang og skåra sitt mål nummer 11 og12 i sin 11. kamp for Lysekloster.

Alexander Dang skåra to avmåla, og er oppe i 12 på 11 kampar etter overgang frå Øygarden-konkurs til Lysekloster på forsommaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Alexander Dang skåra to avmåla, og er oppe i 12 på 11 kampar etter overgang frå Øygarden-konkurs til Lysekloster på forsommaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Lysekloster får seg ofte eit løft etter pause, kvifor?

– Alle lag har stort sett energi og initiativ i starten på ein kamp, men eg opplever at vi bruker pausane konstruktivt og godt. Alle spelarane er veldig opptatte av å få til spelet, og kjem med gode bidrag i pausepratane vi har.

– Men akkurat kva som gjer at vi finn rytmen i går, er ikkje lett å seia. I fleire tidlegare kampar har vi fått nokre unødvendige mål imot, og blitt liggande å jaga, det slapp vi mot Brodd.

Klart best målforskjell

Heime i vår vann Lysekloster 1-0 over Brodd.

Lysekloster er no det laget i avdelinga som har skåra flest mål, med 52 skåringar på 21 kampar mot Fana sine 50 og Brann 2 sine 46. Brodd har skåra berre 29.

Lysekloster har saman med serieleiar Brann 2 klart best målforskjell med 23 mål i pluss. Fana er tredje beste med 14.

7 poeng frå toppen

Lysekloster ligg no på 4. plass 2 poeng bak Fana, 4 poeng bak Brodd og 7 poeng bak Brann 2 på topp.

Det er 6 kampar og 18 poeng igjen å kjempa om.

Neste kamp går laurdagheime mot Bremnes på 9. plass.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.