Lysekloster styrkar stallen vidare
Har signert nok ein spelar med 2. divisjon-bakgrunn.

I førre veke fortalte Lysekloster om to nysignerte spelarar; Alexander Dang og Marceli Wawrzyniewicz, som begge spelte på Øygarden før klubben gjekk konkurs.
No har dei signert endå ein spelar frå restane etter Øygarden.
Nicholas Marthinussen signerte torsdag kontrakt ut 2023-sesongen.
Marthinussen er 22 år, men har allereie ein del erfaring frå høgare nivå. Han vaks opp i Brann, har fem kampar for G18-landslaget, fekk eit innhopp i Eliteserien for Brann som 19-åring i 2019, og gjekk same år til Sotra, der han i 2020 spelte 13 kampar.
I 2020 fekk han 13 kampar for Notodden, i 2021 spelte han 14 i Øygarden. Han spelte også dei 7 kampane Øygarden hadde i vår.
Lysekloster ligg på 2. plass på tabellen.
Neste kamp går borte mot Fana på 4. plass førstkomande laurdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.