Bjørnafjorden kommune | 06. mai 2022

Lyser ut meir straumstøtte til lagslivet

Har nesten 200.000 kroner igjen å dela ut. Eller å senda tilbake til Staten.

Kultursjef Erik Vangsnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2022 09:23

I første runde av tildeling av straumstøtte til lag og organisasjonar vart det løyvd 827.532 kroner fordelt på 60 søknader.

Det sto ein million kroner til disposisjon i overføringa frå Staten.

– Vi har no lyst ut restmidlane til straumstøtte for lag og organisasjonar, opplyser kultursjef Erik Vangsnes.

Etternølarar har dermed sjansen til å søka om straumstøtte for månadane desember til mars.

– Ei gruppe vi ser kan ha gått glipp av første runde, er verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar, for eksempel barnehagar.

Lag og organisasjonar søke på tilskotsmidlar for utgifter i perioden desember til mars, dersom de så langt ikkje har søkt på ordninga.

Søknadsfrist er 15. mai.

Du finn meir informasjon og søknadsskjema på kommunen si heimeside.

Ubrukte midlar i kommunane blir betalt tilbake til staten innan 30. juni.

Kulturdepartementet melder at tilskotsordninga vil halda fram til mars 2023.

– Søknadsfrist for 2. kvartal 2022 vert i august. Kunngjering om denne kjem seinare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.