Fryktar at frivillige lag gløymer å søkja straumstøtte
Kommunen har «pengar til overs». Fristen går ut i morgon.

Tysdag 15.mars er søknadsfrist på straumstøtte til lagslivet.
– Til no er det 37 som har søkt om støtte på til saman 425.453 kilowatt timar, seier kultursjef Erik Vangsnes.
Kommunen har ein pott på 1 million kroner å dela ut.

Sånn det ser ut i dag, får kultursjefen ikkje bruk for heile potten.
– Om behovet ikkje er større er dette greitt, men vi ser av listene at mange lag med hus og anlegg framleis ikkje har søkt på ordninga.
Fristen går ut i morgon. Kultureininga tilbyr hjel, om det er nokon som har behov for det.
– Eg vil oppfordra alle lag om å nytta seg av ordninga, som er ei viktig hjelp til frivillig sektor for å dekka høge straumkostnader gjennom vinteren.
Sjølve søknadsordninga går gjennom Lotteri- og stiftelsestilsynet, men det er kommunane som skal står for utbetalinga.
– Mellom dei som har søkt så langt, finn vi både idrettslag, grendahus, bedehus, båtlag og kulturhistoriske lag.
- Søknadsskjema finn du på lottstift.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.