Bjørnafjorden kommune | 03. mars 2022

Lokalt straumtilskot: Har 1 million til utdeling

Lag og organisasjonar kan søka.

Kultursjef Erik Vangsnes har støtte å dela ut til lagslivet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mars 2022 18:47

– Tilsvarande ordninga for private husstandar får lag og organisasjonar no høve til å få dekka deler av dei høge straumkostnadane for perioden desember til mars, seier kultursjef Erik Vangsnes i ei pressemelding i dag.

Bjørnafjorden kommune har fått 1 million kroner frå staten til å dekka høge straumutgifter til lag og organisasjonar gjennom vinteren.

Søknadsfrist er 15. mars og søknadane skal sendast digitalt gjennom Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

– Ordninga gjeld organisasjonar som er registrert i frivilligregisteret. I tillegg til tradisjonelle medlemsorganisasjonar vil ordninga òg gjelda ideelle samskipnader som eig ulike typar forsamlingslokale. Det vil òg vera mogleg å få dekka straumkostnader i leigde lokale der leigetakar betaler straumen.

Med utgangspunkt i gjennomsnittlege prisar for perioden, er det fastsett følgande støttesatsar:

Desember: 59 øre per kWt
Januar: 57 øre per kWt
Februar: 38 øre per kWt
Mars: 66 øre per kW

Totalt har Kulturdepartementet fordelt 250 millionar kroner i straumstøtte for frivillig sektor til kommunane.

Os idrettspark. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògNå kan frivillige organisasjoner søke strømstøtte

Bjørnafjorden kommune har i første omgang fått 1.000.159 kroner.

– Skulle behovet verta større enn dette i Bjørnafjorden, vil kommunen kunna søka om å få meir pengar innan 31. mars. Eventuelt unytta løyving vert betalt tilbake til staten, seier Vangsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.