Fotball | 06. aug. 2022

Madelen med skåring i debuten for Levante

Lurte seg til dødlinja med frekk cruyff-vending, skåra frå svært spiss vinkel.

Her fyrer Madelen (nr 15) av det som blei hennar første skåring for hennar nye klubb. (Skjermbilde: (Club Atlético Osasuna)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. aug. 2022 10:09

Supertalentet Madelen Koldal Holme frå Lysefjorden, som i sommar gjekk frå Arna-Bjørnar til Levante U.D. på spansk toppnivå, spelte i går sin første kamp for den nye klubben sin.

Levante U.D. frå Valencia deltar i Copa Sentimiento, som denne helga har kampar heilt nord i Spania.

I går møtte dei Real Sociedad, som blant anna har norske Synne Jensen i troppen.

Madelen kom innpå i 65. minutt og skåra i 85. minutt.

Ho sto feilvendt, men lurte seg forbi forsvaret med ei cruyff-vending, gjek mot dødlinja og fyrte til med venstrefoten frå spiss vinkel, over keeper og innanfor lengste stolpe.

Sjå skåringa 1:47:56 ut i video frå kampen (YouTube) eller i ruta under:

– Eg snakka med ho etter kamp. Ho var skuffa over at dei tapte, og det kan eg forstå. Toav baklengsmåla var uheldige av forsvaret, mens Levante styrte mykje av kampen og fekk noko som såg ut som ei fin skåring annulert for offside, seier pappa Kjell Holme.

Synne Jensen skåra to av motstandarane sine mål.

– Men Madelen var naturlegvis glad på sine eigne vegner, både for at ho fekk speletid og at ho fekk si første skåring allerereie i debuten.

– Både vendingane og skot frå spiss vinkel er noko ho har øvd mykje på, og lykkast med i treningsøkter her heime. Det var kjekt at det fungerte i ein kamp som denne.

Madelen til venstre, ved sidan av den nye trenaren til Levante, på veg inn på banen til sin første kamp for sin nye klubb. (Skjermbilde: (Club Atlético Osasuna)

Far til Madelen har vore med til Spania i samband med kontraktsignering, innflytting og oppstart i ny klubb, og kom heim onsdag.

– Ho trivst godt, og har mykje nytt å tilpassa seg, ikkje minst språket, klimaet og treningsmetodane.

Med trening i solsteiken i 40 varmegradar blir det ising av beina før start og ising av nakke i pausane på økta.

– Det er styrketrening før fotballøktene og veldig fokus på kondisjon i heile fotballøkta, ei heilt annan fysisk fostring enn ho er vant med frå Noreg.

I dag er det trening igjen, i morgon er det ny kamp i Copa Sentimiento.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.