Næringsliv | 27. aug. 2018

– Mangelvare i dagens marknad

Søfteland: Vil selja 23 tomter på 16 månadar.

– Mangelvare i dagens marknad
Her håper Os Bygg og Eigedom på å selja 23 tomter innan utgangen av 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. aug. 2018 20:07

Bildeserie:

Området ligg mellom Hjellemarka og Søfteland barneskule. (Dronefoto: Sølvreven)
Området ligg mellom Hjellemarka og Søfteland barneskule. (Dronefoto: Sølvreven)
Krysset er ikkje ferdig, men oppe i feltet er kablar og asfalt på plass. (Foto: KVB)
Krysset er ikkje ferdig, men oppe i feltet er kablar og asfalt på plass. (Foto: KVB)
1 av 2
Området ligg mellom Hjellemarka og Søfteland barneskule. (Dronefoto: Sølvreven)
Krysset er ikkje ferdig, men oppe i feltet er kablar og asfalt på plass. (Foto: KVB)

På eit høgdedrag med furuskog vil Os Bygg og Eigedom no selja ei tomt for tomannsbustad og 22 einebustadtomter. Området ligg mellom to vatn på Søfteland, Vinddalsvatnet og Gåsakilen, mellom Hjellemarka og Søfteland skule.

– Blir det som på Halhjem vil vi selja litt ekstra no i starten, og seinare legga oss på eit par tomter i månaden i snitt, at vi har selt alle eller dei fleste i løpet av utgangen på 2019, seier administrerande direktør Ottar Randa.

Feltet blei lagt ut for sal i dag, søndag 2. september er det første tomtevising. Han trur likevel ikkje det blir knallhard kamp om dei første tomtene.

– Det er rimeleg flatt på høgdedraget, og mange tomter som er likeverdige og like fine. Nokre få skil seg ut, men det er mykje å velja i for dei første interessentane.

Tomtene har fast pris, men er det fleire interessentar per tom vil det gå til bodrunde.

Kan bygga «det dei vil»

Statistikk for omsetnad av brukte bustadar i Os viser at tempoet er lågare i eigdeomsbransjen no, i forhold til då Halhjemsmarka 2 og 3 blei selt, men at tempoet har auka gjennom 2018.

Randa har sett fram til å legga tomtene ut for sal, alle i same omgang.

– Dei ligg i fin natur, med skog, turvegar og mellom fine innsjøar, samtidig er det berre 150 meter til busstopp på E39, og berre 750 meter å gå på gang- og sykkelveg til Søfteland barneskule. Joker-butikken ligg nokre hundre meter lengre bort i vegen, og med bil, buss eller på sykkel er det kort veg til Os sentrum og fin pendlaravstand til Fana.

• Les òg: Far og son på trygg is

– Eg trur dessutan det er mangelvare på gode, sentralt plasserte einebustadtomter, og på tomter der du ikkje er låst til ein bestemt bustadtype, men kan velja leverandør etter eige ønskje.

– Her kan du bygga draumehuset ditt, men sjølvsagt innanfor det som er bestemt av reguleringsplanen. Det er berre til å bla i katalogane eller ringa ein arkitekt.

Tre leikeplassar og eigen ballbane

Frå avkøyrsla på E39 og opp til bustadfeltet er det førebels ikkje asfaltert.

– Vi har nokre murar å bygga og ei utviding av krysset som skal gjennomførast no i september og oktober, forklarer Randa.

– Men feltet er asfaltert og ope, og tomtene er merkte av, så det er berre til å køyra eller gå opp og sjå.

Det blir opparbeidd tre inngjerda leikeplassar og ein mindre ballbane i feltet, der det òg er halde på ein del naturtomt som friareal. Kortaste veg frå bustadfeltet til busstopp, butikk og skule er via den gamle, verna postvegen. Her fekk utbyggar ein liten ryddejobb i vår.

– Vi tilbydde oss å ta ei oppgradering av den gamle stien. Vi starta på delar av den, men dette viste seg likevel ikkje å vera greit, så vi sette den tilbake i ordinær stand. Den er grei å spasera på, men har enkelte vanskelege parti for ei barnevogn.

– På sikt ser eg for meg at det bør byggast ein god gang- og sykkelveg frå oss og Hjellemarka til Endelausmarka og Lyseparken ved ny E39, avstanden er berre i underkant av tre kilometer. Men det blir nok eit stykke fram i tid.

Nye felt for framtida

Os Bygg og Eigedom har tidlegare år hatt fokus på å sikra mykje byggeareal for framtida. Gåsakilen var det siste området som blei kjøpt opp, og sidan 2005 har det gått i utvikling og sal av tomter.

– Har Os Bygg og Eigedom nytt terreng på radaren?

– Ja. Det er ein viktig del av ansvaret vårt, og noko eg har jobba mykje med. Vi har semje med nokre grunneigarar, men det er for tidleg å seia meir om stad og storleik inntil kontrakt er signert.

Etter dei første 23 tomtene i Gåsakilen er det uansett fleire område å jobba vidare med.

– Vi eig eit større område i tilknyting til dette, så det kan koma Gåsakilen 2 og 3, om det blir omregulert frå LNF til bustad. Os Bygg og Eigedom har òg eit stort areal aust for komande E39 i Endelausmarka, 522 mål langs Vinddalsvatnet.

– Her er det naturleg å tenkja framtidig veg mellom ny E39 og Søfteland, langs nordaustsida av Vinddalsvatnet. Det er eit stykke fram i tid, men det er òg vår oppgåve å tenkja nokre generasjonar fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.