Manglande nattero, bilulykke og påkøyrd katt
Frå utløyst alarm og høg musikk til ei singelulykke og funn av ID-kort.


Det har vore ei innhaldsrik helg for politiet i Bjørnafjorden.
Sjå omtale av fleire politisaker i eigne artiklar. Her kjem ei oppsummering av resten av helga:
Alarm i sentrum
Natt til laurdag 2. august, klokka 00.20, fekk politiet melding om ein utløyst alarm i Os sentrum.
– Ein vekter var allereie på staden, og det var ikkje behov for politiet, informerer politioverbetjent Anne Lyssand gjennom ein e-post.
Forstyrra nattero
Om lag 15 minutt seinare kom det ei melding om forstyrring av nattero. Meldinga retta seg mot ein utestad i sentrum.
Meldar meinte musikkvolumet var for høgt og at utestaden ikkje tok omsyn. Politiet hadde ikkje kapasitet til å følgja opp saka.
Påkøyrd katt på Søfteland
Klokka 12.00 laurdag fekk politiet melding om ein påkøyrd katt på Søfteland. Katten var einsfarga og lysebrun. Vegtrafikksentralen tok over handteringa av hendinga.
Singelulykke på Moberg
Om lag kl. 15.00 vart det meldt om ei singelylukke på Ytre Moberg. Ei kvinne i 20-åra sat bak rattet, med ein passasjer i bilen.
Brannvesen, ambulanse og politi rykte ut.
Bilen låg på sida, og ambulansen tok hand om føraren, som ei stund ikkje kom seg ut av bilen.
Hendinga enda utan personskadar eller skade på annan eigedom. Bilbergar kom til staden.
Politiet vurderer ulykka som eit uhell, og det vart ikkje oppretta nokon sak.
ID-kort funne i Kuvågen
Søndag ettermiddag, 3. august, fekk politiet melding om funn av ID-kort i Kuvågen.
Rett eigar blei varsla og fekk ID-kortet sitt tilbake.





