Politi | 27. juli 2025

Nekta å vedta førelegg i 70-sone

UP sto med laserern på Halhjemsvegen i går.

Nekta å vedta førelegg i 70-sone
Fartsmåling på vekta på Ytre Moberg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. juli 2025 09:52

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på E39 Halhjemsvegen laurdag frå klokka 13 til 14.

– Det resulterte i to forenkla førelegg, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Høgaste målte fart var 87 km/t i 70-sona. Det gir førelegg på 7250 kroner og to prikkar på førarkortet.

I tillegg blei ein bilist målt til 84 km/t, men vedkomande ville ikkje vedta førelegget (5200 kroner), dermed blir det oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om