Politi | 02. aug. 2025

Skuffa over hærverk i Os sentrum

Dette synet møtte Tove då ho kom på jobb i dag.

Skuffa over hærverk i Os sentrum
Utanfor rådhuset er ein av plassane blomane har fått gjennomgå. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. aug. 2025 10:06

Då Tove Tvedt Skarstein kom til Os sentrum for å førebu opning av butikken Madam Ane, låg blomar strødd utover Torggata.

– Det var eit veldig skuffande syn, seier Tove.

Utanfor Det Gule Hus har det òg vore herjing. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Utanfor Det Gule Hus har det òg vore herjing. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Eg forstår at folk kan krangla når dei er på fest, men ikkje at dei går laus på pynt. Eg fattar ikkje kva som sviv rundt i hovudet på folk.

– Også no, når Os sentrum er på sitt finaste.

– Heldigvis ser det ut som om dei aller fleste set pris på denne dekoren, og respekterer den gode innsatsen og det fine resultatet grøntavdelinga i kommunen skapar med små midlar.

Tove feia utanfor andre si dør i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Tove feia utanfor andre si dør i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Samtidig kunne det vore verre.

– Eg blei jo uroa for om dei hadde gått laus på utstillinga til blomsterbutikken i nabolokalet, men det hadde dei ikkje. Det er heldigvis ikkje så ofte vi er utsette for hærverk, men det er skuffande og overraskande kvar gong.

Tove ville ikkje uroa kommunen på ein laurdag, men tok med seg kost, brett og spann og rydda sjølv.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.