Markerer ti år sidan 22. juli-terroren

Kommunen og Bjørnafjorden Ap sitt program.

Kyrkjene i Noreg slår i takt klokka 12. Bjørnafjorden Ap har seremoni i Os Minnepark. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juli 2021 12:32

Fredag 22. juli 2011 blei Noreg ramma av to terrorangrep. Bombeangrepet på regjeringskvartalet tok 8 menneskeliv, massedrapet på Utøya hadde 69 offer.

Torsdag 22. juli blir tiårsdagen markert over heile landet.

– Soknekyrkjene på Osøyro og på Fusa vil ringa saman med dei andre norske kyrkjene frå klokka 12 til 12.05. Det blir også flagga i Os Minnepark, seier kultursjef Erik Vangsnes.

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil ha ei minnemarkering.

Program

11.55 oppmøte i Minneparken
12.00-12.05 kyrkjeklokka i Os kyrkje ringer
12.05 nedlegging av blomar og ev. opplesing av dikt
12.00-13.00 Os kyrkje er open for alle som vil tenna lys og ha ei stille stund

– Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti er takksame for at kyrkja held ope denne dagen, seier nestleiar i Bjørnafjorden Ap, Henriette Madel Mori Lien.

– Bjørnafjorden AUF og andre frå Arbeiderpartiet vil også delta på arrangement i Bergen.

Minnekonsert i Bergen

25 AUF-arar frå Hordaland var på Utøya 22. juli 2011. Berre 20 kom heim i live.

Bjørnafjorden kommune organiserer direktesendt minnekonsert frå klokka 19 til 20 torsdag 22. juli.

På programmet blir det musikk, dans og diktlesing, med framføringar av Vilde Tuv, Fredrik Saroea med kvartett fra BIT20 Ensemble, 9 grader nord, Frode Grytten, Fredrik Hagen, Karen Eide Bøen og Arcturus saksofonkvartett.

Ordførar Marte Mjøs Persen leiar minnekonserten, som du kan sjå direkte på Bergen kommune si heimeside.

Større markering i Oslo

22. juli blir markert kvart år, blant anna i regjeringskvartalet og på Utøya, men i år blir det ei større markering.

Kongen skal tala i Oslo Spektrum, seinare blir det ein seremoni på Utøya, denne gong med fleire talar frå overlevande enn det som er vanleg, i tillegg til tale av kronprins Haakon.

I Oslo domkirke er det ei markering der Nato-leiar Jens Stoltenberg, som var statsminister då terrorangrepa skjedde, skal halda tale.

Klokka 19 vil rådhusklokkene slå 77 slag, eitt for kvart av ofra. Samtidig stoppar alle bussar, trikkar og T-banar i Oslo.

Highasakite, Dagny, Odd Nordstoga, Tuva Syvertsen og Åge Aleksandersen er blant dei mange artistane som skal opptre. Markeringa, som blir leia av NRK sin programleiar Rima Iraki, vil bli direktesendt på NRK1 torsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.