Næringsliv | 15. sep. 2019

Marknaden i Os: August 2019

Det blei selt 12 fleire hus enn august i fjor - fleire av dei hadde lagt lenge for sal.

Marknaden i Os: August 2019
Dronebilde av Øyane tatt i august. Riddarhaugen i forgrunnen, Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Herman Brandt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2019 08:28

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I august 2019 blei det selt i alt 47 bustadar i Os.

Av desse var det 33 brukte og 14 nye bustadar. 30 av bruktbustadane blei selt via Finn.no.

Det er 14 fleire selte bustadar enn i førre månad og 12 fleire enn i august i fjor.

• Liste og salssum: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i august?

Fleire «liggarar» blei selt

Det er ikkje uvanleg at du må halda fleire visingar før du får selt bustaden din. Månadar med lågare aktivitet kan ha vore løysinga for eigedomar som har lagt for sal lenge.

Etter første heile veke i august vart 12 eigedomar selt med ei salstid på kring 3 månadar i snitt, kor den treigaste eigedomen låg for sal i over 300 dagar.

Siste halvdel av august hadde ei snitt salstid på 42 dagar. Aktiviteten i marknaden auka jamt etter første veka i august, og ser ut til å auka inn i september.

• Sjå òg: Marknadsrapport for juli

Mykje å velja i

Tilbodet har auka frå midten av august og inn i september månad. I skrivande stund ligg det 99 annonar ute på Finn.no, og fleire annonsar kjem det truleg til å bli.

Det store tilbodet kan gje kjøparane betre tid å bestemme seg for kva bustad dei ønskjer å by på. Om ikkje etterspurnaden aukar i takt med tilbodet kan seljarane oftare oppleva forhandling med bodgjevarane før det vert einigheit om akseptabel pris for begge partar.

Likevel kan du leggja merke til auka etterspurnad i august. Om lag 1 av 4 bustadar gjekk over antyda pris i august, mot 1,5 av 10 i juli.

September i fjor var oppe i kring 108 annonsar på det meste, og mykje tydar på at tala kan verta opp mot det same i september i år.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 35 einebustadar, 21 tomannsbustadar, 19 rekkjehus, 49 leilegheiter og 3 andre eigedomar for sal på Finn.no - i til saman 99 annonsar.

Det er 24 annonsar fleire enn byrjinga av august.

Haustmarknaden er i full gang, og «Selt dei siste 3 dagane»-knappen på finn.no viser heile 8 sal.

Ein av Os dyraste bustadar den siste tida blei selt etter bodrunde i starten av august, og ligg seg i Øyane. Einebustadane er den bustadstypen som det er høgast etterspurdnad etter i Os desse dagar. Prisane på dei har variert hittil i år, kor den dyraste gjekk for nesten 9 millionar, og den rimelegaste for kring 1,5 millionar kroner.

Eigedomssal og snittprisar

Prisen og volumet har auka for august-månadane dei siste åra, men det har òg salstida:

August 2019: 47 sal
Snittpris kr 3 550 429,-
Snittpris kvm: 29 245,-
Omsetnadshastigheit: 61 dagar

August 2018: 35 sal
Snittpris kr 3 090 619,-
Snittpris kvm: 30 372,-
Omsetnadshastigheit: 54 dagar

August 2017: 31 sal
Snittpris kr 3 280 055,-
Snittpris kvm: 30 910,-
Omsetnadshastigheit: 52 dagar

August 2016: 38 sal
Snittpris kr 3 041 035,-
Snittpris kvm: 29 747,-
Omsetnadshastigheit: 39 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.