Næringsliv | 05. mars 2019

Marknaden i Os: Februar 2019

Stabilt volum - høgare tempo og pris.

Marknaden i Os: Februar 2019
Halhjemsmarka sett frå lufta. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Espen Wilhelmsen, Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mars 2019 21:16

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i januar

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i februar?

I februar 2019 blei det selt i alt 29 bustadar i Os. Av desse var det 26 brukte og 3 nye bustadar.

Det er 4 fleire enn i førre månad og 6 fleire enn i februar i fjor.

Like mange, men høgare tempo og pris

Starten på bustadsmarknaden i år har vore ganske lik som i fjor. Til no i år har det blitt selt 54 bustadar med ei salstid på 81 dagar i snitt.

I fjor på same tida blei det selt like mange bustadar, men med noko høgare salstid.

Bustadane som blei selt i den opne marknaden hadde høgare snittpris og kvadratmeterpris i år enn i fjor, og færre hus blei selt under antyda pris dei første to månadane.

Meir fart i februar

Det ser ikkje ut som at februar har hatt ei prisauke i seg sjølv, men det har vore meir aktivitet i marknaden denne månaden. Det blei selt 4 fleire bustadar enn førre månad, og den siste veka i februar blei det lagt ut 9 bustadar på Finn.no.

Tilbodet er no oppe i 77 annonsar, noko som er 7 fleire enn i byrjinga av februar.

8 bustadar blei prisa ned i januar og 7 stk i februar. Interessa for bustaden blir ofte påverka av prisen. Om ein prisar bustaden for høgt ut i marknaden kan salstida bli noko lengre enn forventa.

Sal vs prisantyding februar 2019:

• 61 % under prisantyding

• 6 % lik prisantyding

• 33 % over prisantyding

Ein tredel av bustadane blei selt etter éi vising (1-11 dagar), og resten gjekk det fleire rundar med (19-250 dagar).

Normalt vert bustadar i Os selt rett under eller over prisantydinga, men nokre gongar finn ein større avvik. I februar blei ein bustad selt 900.000 kroner under antyda pris etter 105 dagar i marknaden. Eit anna hus blei selt 210.000 kroner over antyda pris etter berre 7 dagar i marknaden.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 23 einebustadar, 27 tomannsbustadar, 38 rekkjehus og 28 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 77 annonsar.

Det er 7 annonsar fleire enn byrjinga av februar, og 3 av dei viser seg no å vera selt. I byrjinga av mars i fjor låg det 64 annonsar på Finn.no i Os. Det er 13 færre annonsar enn i år.

Tilbodet av bustadar i kommunen ser ut til å ha auka mot slutten av månaden, og vil truleg halda fram i vekene som kjem. Det er mange som er på jakt etter bustad i Os, men ventar på det rette. Ikkje alle hus i kommunen har ein kjøpar klar, og det kan ta tid før den rette dukkar opp.

Prisane ser ut til å halda seg på eit jamt nivå, men har gått noko opp samanlikna med marknaden på same tid i fjor.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for februar 2019: 29 sal
Snittpris kr 3 505 291,-
Snittpris kvm: 28 964,-
Omsetnadshastigheit: 84 dagar

Februar 2018: 23 sal
Snittpris kr 3 374 723,-
Snittpris kvm: 30 073,-
Omsetnadshastigheit: 64 dagar

Januar 2019: 25 sal
Snittpris kr 3 323 687,-
Snittpris kvm: 30 561,-
Omsetnadshastigheit: 78 dagar

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
432 sal
Snittpris: kr 3 307 308,-
Snittpris kvm: 39 353,-
Omsetnadshastigheit: 63 dagar

Siste 6 månadar
176 sal
Snittpris: kr 3 246 250,-
Snittpris kvm: 29 003,-
Omsetnadshastigheit: 62 dagar

Siste 3 månadar
Snittpris: kr 3 381 784,-
Snittpris kvm: 28 306,-
Omsetnadshastigheit: 76 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.