Næringsliv | 06. apr. 2019

Marknaden i Os: Mars 2019

Auka pris og tempo: 4 av 5 einebustadar blei selt over prisantyding, og det var bodrunde på 5 av 12 leilegheiter.

Marknaden i Os: Mars 2019
Sperrevik og Lysefjorden sett frå lufta. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. apr. 2019 08:01

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I mars 2019 blei det selt i alt 33 bustadar i Os. Av desse var 27 brukte og 6 nye bustadar.

Det er 10 fleire enn i førre månad og 1 fleire enn i mars i fjor.

• Førre rapport: Marknaden i Os i januar
• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i mars?

Aukande mengde bodrundar

Det siste året har det vore bodrunde på om lag 1 av 4 bustadar i Os, og salstida har vore på 60 dagar i snitt.

Av totalt 25 bruktbustadar selt i den opne marknaden i mars blei 13 selt over prisantydning. Etterspurnaden har auka jamt, og lite tydar på at renteauka har påverka kjøpekrafta i marknaden i mars.

Som følgje av fleire bodrundar blei eigedomane selt fortare, og salstida for mars låg på 49 dagar i snitt.

Einebustadane sel best

I mars blei det selt eitt rekkehus, 12 leilegheitar, 7 tomannsbustadar og 5 einebustadar i Os via Finn.no.

Rekkehuset blei selt etter første vising i bodrunde, 3 av 7 tomannsbustadar blei selt i bodrunde, 5 av 12 leiligheiter gjekk over prisantyding og heile 4 av 5 einebustadar blei selt over antyda pris.

Ifølge Eiendomsverdi sitt verdiestimat i Os har marknaden ein positiv vekst på om lag 2 % i første kvartal. I første omgang er det einebustadane som skil seg ut med 80 % av sala over prisantydning.

I Os plar det ligga i overkant av 20 einebustadar for sal på det jamne, men i starten av april ligg det kun 12 hus ute på Finn.no. Det kan forklara den store interessa for einebustadar førre månad. Tilbodet har vore lågare enn normalt, og etterspurnaden veks framleis.

Antall einebustadssal første kvartal:
2017: 33 sal
2018: 26 sal
2019: 22 sal

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 12 einebustadar, 25 tomannsbustadar, 17 rekkjehus, 1 gårdsbruk/småbruk og 57 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 67 annonsar.

Det er 10 annonsar færre enn byrjinga av mars, og på Finn står 5 av annonsane som selt. I byrjinga av april i fjor låg det 75 annonsar på Finn.no i Os.

Fordelinga på Finn.no i skrivande stund er 49 bruktbustadar og 64 prosjekterte bustadar for sal.

Tilbodet av einebustadar har halvert seg siden starten på mars. Nokre bustadar kan bli tatt av nett for å bli relansert i vår med for eksempel nye bilde. I september i fjor låg tilbodet av einebustadar heilt oppe i 32 hus. I mars blei fleire bustadar prisa rett ut i marknaden, noko som gjorde at liggetida ikkje vart like lang som før.

Renteauka ser ikkje ut til å ha påverka marknaden i mars i nemneverdig grad. Grunnen kan vera at auka har vore varsla og forventa, men med yttarlegare renteauke kan det bli spennande å sjå kva som skjer med bustadsmarknaden her i kommunen.

Sal vs prisantyding første kvartal 2019:
• 46 % under prisantyding
• 18 % lik prisantyding
• 36 % over prisantyding

På topp tronar einebustadane med 38 % under, 19 % lik og 44 % over prisantydning.

Halvparten av dei andre bustadstypane blei selt under prisantydning første kvartal.

Tal frå første kvartal 2019

Januar 2019: 25 sal
Snittpris kr 3 323 687,-
Snittpris kvm: 30 561,-
Omsetnadshastigheit: 78 dagar

Februar: 23 sal
Snittpris kr 3 505 291,-
Snittpris kvm: 28 964,-
Omsetnadshastigheit: 84 dagar

Mars 2019: 33 sal
Snittpris kr 3 580 119,-
Snittpris kvm: 30 006,-
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

Statistikk frå første kvartal dei siste åra

2017
130 sal
Snittpris: kr 3 337 214,-
Snittpris kvm: 28 112,-
Omsetnadshastigheit: 59 dagar

2018
84 sal
Snittpris: kr 3 364 306,-
Snittpris kvm: 29 380,-
Omsetnadshastigheit: 86 dagar

2019
85 sal
Snittpris: kr 3 404 434,-
Snittpris kvm: 29 346,-
Omsetnadshastigheit: 67 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.