Næringsliv | 08. des. 2018

Marknaden i Os: November 2018

15 hus blei lagt ut for sal - 20 hus blei selt. Mengda sal over prisantyding har ikkje vore høgare tidlegare i år.

Marknaden i Os: November 2018
Os sentrum og Os aust sett frå lufta i februar i år. Innfelt; Espen Hjertholm. (Foto: Herman Brandt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. des. 2018 08:53

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i oktober

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i november?

I november 2018 blei det selt i alt 28 bustadar i Os. Av desse var 25 brukte og 3 nye bustadar.

Det er 16 færre enn i oktober, og 1 færre enn i november 2017.

Bustadsmarknaden nærmar seg jul

Volumet har halde seg på eit normalt nivå til å vera november, men siste veka i november blei berre 2 eigedommar i Os selt på Finn.no.

Desember månad er ikkje kjent for å vera ein månad med høg omsetnad. I 2017 var desember den månaden med færrast sal, rett bak juli. Til no i år er juli månaden med færrast sal. Det merkastat at aktiviteten i bustadsmarknaden avtar, og fleire skiftar fokus over på jula.

Det kjem trulig få nyheitar ut i marknaden i tida fram mot nyttår, men etterspurnaden reknar vi med skal halda seg stabil.

I desember i fjor blei det lagt ut 11 bustadar, og 16 blei selt.

Kva skjedde i november?

Salstida i november ligg på 68 dagar, berre 3 dagar lengre enn snittet til no i år, som ligg på 65 dagar.

15 bustadar blei lagt ut for sal, og det blei registrert 20 sal på Finn.no.

Av bustadane som blei selt varierer det mellom ny tomannsbustad i Hegglandsdalen frå 2018 til eldre einebustad på Hagavik frå 1927. Det blei selt i alt 11 einebustadar, 5 leilegheitar og 4 tomannsbustadar på Finn.no.

Mest overraskande i november er balansen mellom over/lik/under prisantyding.

Sal vs prisantyding november 2018:
• 45 % under prisantyding
• 15 % lik prisantyding
• 40 % over prisantyding

Antall sal under og over prisantyding har ikkje vore så nær kvarandre tidlegare i år som no i november. Eit av husa låg ute i marknaden i 1 dag og rauk med éin gong for 160.000 kroner over prisforlanging. I andre enden låg eit anna hus for sal i 277 dagar, og blei selt 65.000 kroner under.

Sal vs prisantyding hittil i år:
• 57 % under prisantyding
• 18 % lik prisantyding
• 26 % over prisantyding

På snitt i 2018 blei nesten 3 av 5 bustadar selt under antyda pris, og om lag 1 av 4 selt over.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 25 einebustadar, 23 tomannsbustadar, 38 rekkjehus og 34 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 81 annonsar.

Det er berre 4 annonsar færre enn byrjinga av november, og 1 av dei er selt.

I byrjinga av desember i fjor låg det 64 annonsar på Finn.no i Os. Det er 17 færre annonsar enn i år.

Årsaka til den store forskjellen kan vera omsetnaden som har vore dei siste månadane. Oktober hadde rekordmange sal, mens månadane før desember i fjor ikkje utmerkte seg til å vera eit spesielt godt bustadsmarknad for seljarar. I fjor venta fleire til nyåret med annonsering, mens i år har «ulminga» frå haustmarknaden vart lengre.

Det ligg 57 brukte og 66 nye bustadard på Finn.no.

Meir frå bustadsmarknaden 2018 kjem på nyåret. Sjå statistikk for november og dei siste månadane under.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for november 2018: 28 sal
Snittpris kr 3 354 477,-
Snittpris kvm: 28 625,-
Omsetnadshastigheit: 68 dagar

Tilsvarande tal for november 2017: 29 sal
Snittpris kr 2 962 938,-
Snittpris kvm: 28 368,-
Omsetnadshastigheit: 55 dagar

Samla tal for oktober 2018: 44 sal
Snittpris kr 3 116 249,-
Snittpris kvm: 29 854,-
Omsetnadshastigheit: 46 dagar

Antall sal ligg stabilt i samanlikna med november i fjor, men bustadane var dyrare i år enn i fjor.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane:

Siste 12 månadar
425 sal
Snittpris: kr 3 300 062,-
Snittpris kvm: 29 663,-
Omsetnadshastigheit: 65 d

Siste 6 månadar
206 sal
Snittpris: kr 3 257 208,-
Snittpris kvm: 29 550,-
Omsetnadshastigheit: 52

Siste 3 månadar
111 sal
Snittpris: kr 3 010 462,-
Snittpris kvm: 29 244,-
Omsetnadshastigheit: 54 d

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.