Øyafest | 22. juni 2023

– Me håpar det blir plass til alle

Øyafest har til no selt over 400 fleire billettar enn i fjor, bygger nok ein bar og aukar mengda pyro.

– Me håpar det blir plass til alle
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. juni 2023 11:20

I dag er det ei veke til Øyafest startar.

Torsdagen er det Rebus Run på dagtid og gratis kick off i Humrahølo på kvelden og fredagen speler Busserulls i festivalteltet på Sundøy Arena.

Laurdagen er det både gratis familiearrangement på dagtid og finale med konsertar både i telt og på storscene.

Fredagen er for lengst utselt av 370 billettar til Busserulls i teltet.

– Måndag passerte me 1.100 billettar til laurdagen og 1.400 billettar i alt, fortel festivalsjef Ivar Bøthun.

I skrivande stund er dei oppe i totalt 1.500 selte billettar, og har cirka 370 billettar igjen til laurdag kveld.

– Me har plass til 1.500 laurdagen, så no håper me at det blir plass til alle, at 370 billettar 12 dagar før start er nok til at alle som vil ha med seg Øyafest kjem inn.

– Kva med bussbillettar, som var tema i fjor, men som enda med vellykka exit for publikum som bur innover land?

– I år køyrer me ikkje sal av bussbillettar, det blir gratis for alle og bussar i skytteltrafikk til Os til øya er tom. Der er det offsielt Øyafest-nachspiel på Catten med Heine Salbu på gitar.

To gode dagar

Den siste veka og sal i døra utgjer ofte ein betydeleg del for andre festivalar.

I fjor var Øyafest ny og salet spesielt. Arrangørane hadde lagt opp til 600, auka til 800 og sette strek på 1000 billettar - som var utselt rundt to månadar før festivalstart.

– Etter at me tidleg sa at me ville ha inn 1.500 i år, har det gått jamnare. No sel me 10-20 billettar for dagen.

– Samtidig ser me at det er 2-3 personar for dagen som spør på Facebook etter billettar til utselte Busserulls. Det er kjekt at denne utvidinga frå éin til to dagar slo an.

Utvida kapasitet

Bøthun, som styrer festivalen saman med Tommy Aasen, seier dei doblar frå éin til to barar i år.

– Me set opp ein bar borte ved mat-teltet. Då blir kapasiteten betre, me spreier publikum meir utover området og det blir kortare veg mellom mat og drikke, for dei som vil ha alkohol til maten.

Pro Pyro stiller i år òg, og årets fyrverkeri skal bli større enn i fjor.

– Er mengda frivillige medarbeidarar stor nok?

– Om det er nokon som vil melda seg, så er det plass til fleire, spesielt om laurdagen.

– Men me har kontroll, blant anna takka vera eit samarbeid med Nore Neset il, som får litt pengestøtte hos oss mot at dei samlar ein dugnadsgjeng frå eige lag.

Ventar med å sjå på vêrmeldinga

Etter ein tørr og varm periode er det no meir skiftande vêr i Os og Øyane.

– Det er eit stykke fram, og dei klarer jo knapt å melda rett dei neste to dagane, så me har foreløpig ikkje sånn fokus på vêret enno.

Foreløpig melder Storm regn torsdag, men sol på kvelden, og lettskya fredag og laurdag på dagtid, men med fare for nedbør på kvelden. Vinden skal vera svak og temperaturen rundt 18 gradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.