Lokal | 29. okt. 2011

Meir hærverk i sentrum

– Eg har nettopp hatt glasmeister her for å skifta ei anna rute. No er eg lei, seier Tove Tvedt Skarstein.

Meir hærverk i sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. okt. 2011 09:06

I mai fekk ho slengt ein sykkel gjennom ruta og det er ikkje lenge sidan førre ruteknusing, på baksida av leikebutikken.

– No har glasmeisteren nettopp skifta ruta og så kjem eg på jobb til dette i dag. Det er litt for mykje ruteknusing i Os for tida, seier Tove oppgitt.

Og det er ikkje berre butikken hennar det har gått ut over.

– På veg til jobb såg eg planter som var dregen opp med rot. Utanfor rådhuset ligg store bosspann velta.

No vil Tove høyra ein runde med både drosjesjåførane og vektarane, korleis natta deira har vore og kva dei har sett.

– No får vi i sentrum spørja oss sjølv, vil vi ha det sånn som dette, eller er det på tide å gjera noko? seier Tove.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.