Kultur | 29. mai 2009

Meir straff i parken

Dei selte fleire tusen plater i Europa på 90-talet, men i 2000 hadde alle fått nok. No, nesten ti år seinare, vil Kikki, Pez, Claes og Kjell gjera comeback med Punishment Park.

Meir straff i parken
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. mai 2009 05:35

Bildeserie:

1 av 3

- Vi var nok større enn kva vi oppfatta den gong. Med 700 og 900 på konsertane i Tyskland, album som selte 1200 i løpet av 10 dagar, og ei låt som toppa hitlista på ein radiokanal i Kroatia, seier Kjell Engelsen Moberg.

Tre album, éin EP og ein haug med singlar blei gjeve ut. Men Punishment Park blei saman med fleire andre europeiske band råka av ein tyskar som slo plateselskapet sitt konkurs. Nokre år seinare hadde alle i bandet fått nok, dei var lei og bestemte seg for å slutta i bandet.

God respons
No har Kjell, Kikki (Kristin Raknes), Pez (Jan Terje Pedersen) og Claes Ludvigsen bestemt seg for å få Punishment Park tilbake på scenen.

- Vi har snakka om det i to år, og på ein fest no nyleg så blei vi einige om å byrja å øva igjen i juni. Eg reknar med at vi er klare for spelejobbar i august eller september seier Kjell.

Då han sendte ut melding til venar i musikkmiljøet var responsen overraskande stor og positiv.

- Vi har fått mange epostar frå inn- og utland. Klubbar som vi spelte på i Tyskland, som no har vakse seg store, har allereie kontakta oss for å få oss nedover.

Sorterer arkivet
Moberg, som turnerte Kina med K-Jell i april, har gjeve dei andre Punishment Park-musikarane beskjed om at andre enn han skal styra bandet.

- Eg må nok gjera litt papirarbeid eg òg, men i utgangspunktet har eg nok med å administrera K-Jell.

Nokre av dei gamle Punishment Park-låtane kan du høyra på myspace.com.

Comebacket har fått Moberg til å leita og sortera i det store, gamle rockearkivet sitt. No skal gamalt materiell gjerast tilgjengeleg for gamle og nye fans.

- Til no har eg funne ein del snadder, og film av S.P.Y. frå Os Rock i Fjellheim i 1984 er allereie ute på YouTube. Meir kjem, eg held faktisk på å overføra meir film frå VHS til DVD no i kveld, seier energibomba frå Kuvågen.

Her er nokre Punishment Park cover og ein av S.P.Y.-snuttane:
(I S.P.Y. spelte dei unge og lovande punkrockarane: Kjell Moberg, Morten Brekke,
Roger Giil, Jan Terje "Pez" Pedersen og Tore Engevik)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.