Vêret i Os | 26. apr. 2024

Melder éi «byge» dei neste sju dagane

Solrik laurdag og varm inngang på mai.

Melder éi «byge» dei neste sju dagane
Os hamn i dag: Vårslepp og varmare vêr kan få fleire knoppar til å springa ut dei neste dagane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. apr. 2024 08:59

Dei solrike aprildagane held fram, men ikkje gjennom heile helga.

Laurdag, som blir ein opplevingsrik dag i Os, med Ulvenmarkedet, Vårslepp og fotballcup på Nore Neset, får lettskya vêr.

Søndag er det venta nedbør. Storm melder regn frå klokka 12, Yr frå klokka 20.

Begge melder samanhengande nedbør fram til 14-tida måndag, og det skal bli siste regnskyll så langt vêrvarselet rekk.

Frå starten på mai, onsdag 1. mai, skal temperaturen òg opp nokre hakk frå dei rundt 10 plussgradane vi har hatt til no.

Onsdag er det meldt 17 gradar, torsdag 18 gradar. Det er meldt lettskya ut neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.