Båt og sjøliv | 19. juni 2021

Melder sol i heile neste veke

Strålande start på skuleferien.

Melder sol i heile neste veke
Jonas Rotnes tok seg ein morgondukkert før frukost med klassen i Mobergsvikjo fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 19. juni 2021 09:31

Fredag var det siste skule dag og første dag for «Sommargata» i Os sentrum - i sol og 17 varmegradar.

Klasse 9 E ved Os ungdomsskule tok frukost i Mobergsvikjo som del av skuleavsluttinga, og nokre av elevane tok seg eit morgonbad i finvêret.

Jonas Rotnes og Jonathan Lien stupte uti for å svømma ut til klassevenninna på den nye badebrygga.

To halve fine dagar i helga

I dag bøttar det ned, men Jonas, Jonathan og andre som er heime i Os den første ferieveka, kan gleda seg over meldingane for dagane som kjem.

Allereie i ettermiddag skal det letta, og vi får 16 gradar, sol og svak vind (2-3m/s).

Vil du gå tørrskodd søndag bør du koma deg ut på formiddagen, det meldt regn på kvelden og natt til måndag.

Også Jonathan kasta seg uti før frukost i Vikjo med klassen fredag morgon. (Foto: KVB)
Også Jonathan kasta seg uti før frukost i Vikjo med klassen fredag morgon. (Foto: KVB)

Sol i heile neste veke

Måndag i 06-tida skal det letta, så er det meldt opphaldsvêr resten av veka.

Det er meldt overskya i periodar enkelte dagar, men stort sett lettskya eller skyfritt.

Måndag skal det blåsa 5-7 m/s, men vinde skal løya allereie tysdag, og på slutten av veka blir det nærmast skyfritt.

Dette er godt nytt ikkje berre for dei som har fri, men for mange av dei som arrangerer og deltar på sommarkskulane i neste veke, då fleire av desse legg opp til aktivitet utandørs og på og ved sjøen.

Den nye badebrygga med stupebrett har blitt eit populært supplement. (Foto: KVB)
Den nye badebrygga med stupebrett har blitt eit populært supplement. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.