Båt og sjøliv | 04. juni 2021

Kommunen sluttar å måla badetemperaturen - andre held fram

Desse stadane kan du sjekka før du kastar deg uti.

Kommunen sluttar å måla badetemperaturen - andre held fram
Dei siste åra har kommunen målt badetemperaturen fleire stadar, som her i Mobergsvikjo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. juni 2021 12:08

Etter den fine vinteren fortalte Bjørnafjorden kommune at dei neste år ikkje vil måla eller skilta om isen på utvalte vatn er farbar eller ikkje.

Kristoffer Hauge og Jan Olav Birkeland på måling på Ulvenvatnet 15. januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSkal ikkje måla isen neste vinter

I dag opplyser dei at det også blir slutt på måling av badetemperaturen.

Sommarvikarar ved driftsavdelinga har normalt hatt dette som ei av oppgåvene sine, men i samband med store innsparingar i kommunen, har ikkje driftsavdelinga tilsett sommarvikarar i år.

Denne badebrygga kom på plass i Mobergsvikjo i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne badebrygga kom på plass i Mobergsvikjo i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ei anna avdeling, eining for samferdsle og VA, vil halda fram med å måla vasskvaliteten.

– Vi vil halda fram med å sikra at badevatnet er reint og trygt, seier einingsleiar Agnete Haugland.

  • denne sida kan du følgja med på kvaliteten.

Førre måling var 18. august 2020. Då låg temperaturen på rundt 20 gradar, men bakterienivået i Mobergsvikjo låg på 590 TKB.

Badevatnet blir analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.

Andre målingar av badetemperaturen

Sjølv om kommunen gir seg, er det enkelte andre stadar du kan sjekka temperaturen.

Her kan du følgje med på kvaliteten på badevatnet.

  • NVE sin målar på Røykenes viser temperaturen i Oselvo, som 2 av dei siste 3 dagane har vore over 20 (!) varmegradar.
  • Badetassen.no, som er sponsa av Fusa Kraftlag/Strøyma, viser badetemperaturen på Revsneset i Strandvik og på Vinnesholmen.

Vil du måla badetemperaturen sjølv?

Då skal du helst 20-30 cm under vasskorpa og 6-7 meter frå land.

Og mens vi snakkar om temperaturmåling; sjølv om du har det varmt på terrassen så er det feil å informera venar om at «det er 50 gradar i sola!». Den einaste plassen du kan måla lufttemperaturen er i skyggen.

Men kos deg i sola, elva og sjøen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.