Melder vêromslag til helga
Er du lei av å klaga over kulden? Snart kan du klaga over regnet igjen.

Torsdag 25. november letta regnet, og vi fekk opphaldsvêr og vinterstemning før dei nye lysa skulle tennast i Os sentrum.
Måndagen kom snøen, og det kom fleire dagar med påfyll, men no skal snart dei siste snøflekkane regna vekk.
Det er meldt frisk bris frå aust i morgon onsdag, men opphaldsvêr og 2-3 plussgradar og rolegare vindforhold fram til og med laurdag.
Søndag er det meldt regn og 5-6 plussgradar. I neste veke er det meldt meir nedbør og endå høgare temperatur, opptil 9 varmegradar.
Det er venta å halda seg vått og varmt også utover i veka.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.