Politi | 10. juni 2021

Midlertidig beslag etter vinglete køyring

Ung bilførarar stoppa på E39 etter fleire tips om farleg køyremønster.

Midlertidig beslag etter vinglete køyring
(Ill. foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juni 2021 07:28

I 20-tida onsdag kveld fekk politiet fleire meldingar om ein vinglete bil på E39 Osveien retning Os.

Politiet rykte ut og stoppa bilførar. Han hadde då kryssa kommunegrensa, der E39 skiftar namn til Byvegen.

– Bilførar, ein 18 år gamal gut, framsto som rusa, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Patruljen mistenker annan rus enn alkohol. Bilførar blei tatt med for blodprøve. Det er tatt midlertidig beslag i det ferske førarkortet, og oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.