Politi | 27. mai 2021

Gut mistenkt for promillekøyring - også kameraten er meldt

Bilførar hadde ikkje lappen, men det hadde passasjeren.

Gut mistenkt for promillekøyring - også kameraten er meldt
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2021 07:57

I 05-tida natt til torsdag blei ein bil stoppa i Os sentrum.

Bilførar, ein gut i slutten av tenåra, er mistenkt for promillekøyring.

– Han bles til over lovleg promillegrense, opplyser politioverbetjent Martin Nordeide.

Bilførar har dessutan ikkje gyldig førarkort.

Det var éin passasjer i bilen, ein kamerat av bilførar.

Han er jamgamal og har førarkort. Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet hans, men han er meldt for «overlatelsesmedvirkning».

Det blei utført avhøyr av partane på staden og tatt blodprøve av fører.

Dette er andre gong denne veka at ein ung bilførar blir mistenkt for promillekøyring. Sist var natt til måndag. Der hadde vedkomande førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.