Politikk | 11. jan. 2023

Minneord om Mikal Leigland

Vi minnest Mikal Leigland med stor takksemd.

Minneord om Mikal Leigland
Mikal Leigland i formannskapssalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. jan. 2023 18:50

Etter at heidersmannen Mikal Leigland døydde i heimen i Strandvik 4. juledag er det sagt mykje fint om han ved mange ulike høve. Mikal etterlet seg store tomrom, i familien, i Strandvik, i næringsliv og i lokalpolitikken.

Ikkje minst har Senterpartiet både lokalt, regionalt og nasjonalt lidd eit stort tap med Mikal sin bortgang. Han var med i Senterpartiet sidan han melde seg inn i Senterungdommen 14 år gammal. 18 år seinare vart han medlem av kommunestyret i Fusa.

Totalt blei det nesten 30 år samanhengande med mange ulike verv og roller i kommunestyre og formannskap.

Rett før jul vart han tildelt Senterpartiet sitt heidersmerke. 

I retningslinene for denne tildelinga heiter det mellom anna: «For å kunne få Hedersmerket kreves at vedkommende har hatt tillitsverv av særlig betydning, og gjort en særskilt nyttig innsats for partiet, enten innenfor organisasjonen eller i politiske verv, eller en kombinasjon av disse.»

Mikal sin særmerkte betydning er først og fremst at han har stått støtt der han står, og vært trufast i lang lang tid. Med Strandvik som sentrum, blei det med tida mange ringar i vatnet rundt Mikal, innan bygdeutvikling, med kultur, idrett og næring, og i politikk og samfunnsutvikling.

Han var tydeleg, modig og hadde stor gjennomføringsevne.

Skulle du vera uenig med Mikal, måtte du kunna argumentere godt for deg. Gjennom det vart ein ikkje alltid einig, men ein vann alltid respekt.

Som god senterpartist var han opptatt av å løfta dei lokale utfordringane opp til sentrale nivå, der det kunne få gjennomslag. Sentrale politikarar skulle ikkje få gløyma kvar dei kom frå, og korleis kvardagen ser ut her. Oslo-perspektivet var ikkje alltid det som kunne bidra til å få dei beste løysingane lokalt. Mikal hadde politisk teft, eit stort nettverk og visste å trekke i dei rette trådene.

Til tross for at Mikal var ein av få i Fusa som stemte imot å slå sammen Fusa og Os til ein kommune, vart han den første varaordføraren i den nye kommunen. 

Ombodsrolla og oppgåvene han hadde på vegner av folket i heile Bjørnafjorden kommune, tok han på alvor. Barnehagen i Strøno var for han like viktig som industrikaien på Samnøy.

Sjølv om han kanskje objektivt sett var den travlaste blant oss, hadde han alltid god tid til å prata med folk han møtte.

Vi opplevde ein mann som var til stades, her og no. Som såg einskildmennesket, og som alltid hadde tid. Han var ein tydeleg politikar som alltid nytta høve til å snakka Senterpartiet opp og fram - innbyggjararne lytta til Mikal og Mikal lytta til dei.

Som han sa: - Det er innbyggjarane vi er her for!

Tuntreet i Strandvik hadde røtene sine spreidd utover i heile kommunen. Savnet er stort hjå mange av oss. Tankane våre går særleg til familien som har lidd det største tapet

Vi som fekk lov å jobba med Mikal lærte å sette stor pris på han som menneske, og lot oss inspirere av engasjementet og pågangsmotet hans.

Heile Senterpartiet minnest Mikal Leigland med stor takksemd.

Bjørnafjorden Senterparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.