Sport | 03. aug. 2016

Minst 6 klare for skyte-finalar

Os skyttarlag følgjer opp rekordåret frå i fjor og har minst seks skyttarar klare for finaler under Landsskytterstemnet. Finalane starter torsdag.

Minst 6 klare for skyte-finalar
Sofia Dale og Maren Evensen er begge klare for feltfinalen i rekruttklassa (privat foto)
Andris Hamreonsdag 03. aug. 2016 14:50

Landsskytterstemnet på Lesja i fjor blei ein gedigen opptur for Os skyttarlag, med gull både til Oddvar Eikemo og Sofie Evensen og ein ekstrem jamn og spennande finale for Amalie Evensen i klassa for eldre rekrutt.

Klar for to finaler

Allereie har Amalie sikra seg gull under årets landsskytterstemne i samlagsskytinga, men torsdag kan det bli fleire.

Amalie er nemleg klar for finalen i juniorklassa både på bane- og feltskytinga. I den innleiande runda på 100 meter bane skaut ho 249 poeng og ligg med det på 12 plass før finaleskytinga. Seks skyttarar går inn i finalerunden med 250 poeng.

– Ho har skutt veldig gode omganger på dei siste stemna. Det eine poenget mista ho på kneserien, men ho skyt jamnt godt, fortel far og formann i Os skyttarlag, Jan Kristian Evensen.

Før finalen har dei i tillegg gjort utstyrsforbedringar og finalen er 10 skot liggande.

– Korleis vurderar formannen sjansene før finalen?

– Eg håper ho skal klare ein pallplass. Men berre det å ta seg til finalen er ein bragd på landsskytterstemnet. Det er utruleg høgt nivå.

Banefinalane går torsdag klokka 17.10, men allereie i 10-11-tida skal Amalie i sving. Då i feltfinalen. I dagens innleiande runde skaut ho 30 blinkar med 20 innerblinkar.

– Ho ligg på 12 plass der også. I finalen tek dei med seg blinkane for innleiande runde, men ikkje innerblinkane. Ut frå det ho gjorde i dag med tett og god skyting, så kan alt skje. Eg trur den som skal vinna feltfinalen må ha 12 treff og 9-10, kanskje 11 innertreff, seier formannen.

To i rekruttfinalen

Det er ikkje berre Amalie som gjer det skarpt i Evensen-familien. Lillesøster Maren er saman med Sofia Dale også klare for finale på feltskytinga for rekruttane etter 30/14 på Maren og 29/19 på Sofia.

– Dette var første gang Maren fylte 30 treff i felt. At vi i tillegg fekk med oss Sofia med 29 treff er heilt strålande.

– Dei to har skutt bra i heile år. Sofia har hatt dei beste resultata, men Maren har hatt ei god utvikling i det siste.

– Eg tenkjer at finalen blir ei god og nyttig erfaring for dei båe før landsskytterstemnet 2017, kor dei då er eldst i klassa. Dette er andre året dei skyt under landsskytterstemnet, så det viktigaste no er at dei byggjer erfaring, men begge er kapable til å knalle inn 12 treff, oppsummerer Jan Kristian Evensen, som er litt uroa for det tidlege starttidspunktet. Allereie klokka 07.55 skal dei to jentene i sving.

Stødige veteranar

Også i den eldste klassen, V73, stiller Os med to skyttarar i finalen. Reidar Dale skaut 30/21 og Steinar Eidsvik 30/21 i den innleiande skytinga.

– Det at Steinar skyt 30/21 er vel nesten å betrakta som ei bombe, men utruleg kjekt. Reidar er ein jamn god skyttar, medan Steinar nok er litt meir avhengig av dagsformen, men vi kryssar fingaren for dei begge.

Finalen går fredag klokka 15.30.

Dale med 30 treff

I grovfelt klasse 2-5 og V55 er konkurransen ekstrem høg.

– Heile 82 har per no 30 treff. Ein av dei er Geir-Wiggo Dale. Der er konkurransen knallhard. Det kan vera at vi også får med fleire om dei lar dei med 29 treff også skyta, men det veit eg ikkje nett no, fortel Evensen til Midtsiden klokka 14.30 onsdag ettermiddag. Dale skaut 30/13.

I følgje oppropet til finalane på grovfelten ser det ut til at to til får Os får skyta finalerundane. Dale går ut klokka 16.10, medan Anstein Eidsvik, som hadde 29/14 og Ragnhild Eide Ure med 28/13 går ut henhaldsvis klokka 15.40 og 15.10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.