Mistenkt stoppa etter tips om køyring i rus
Rykte ut til Nore Neset natt til søndag.


I 03-tida natt til søndag fekk politiet melding om ein rusa bilførar i Hagavik-området.
Ein patrulje rykte ut og fekk kontakt med ein mann i 20-åra, som er mistenkt for å ha køyrd i påverka tilstand.
– Det blei tatt beslag i førarkortet og oppretta sak, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
UP har hatt to kontrollar i Os i helga.
Laurdag i 18-tida var det fartskontroll på E39 Halhjemsvegen på vekta.
– Det blei skrive ut 11 forenkla forelegg. Høgaste målte fart var 87 km/t i 70-sona.
Det fører til 6700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.
I 22-tida stilte UP seg opp i Os sentrum for å ha promillekontroll. 24 trafikantar blei kontrollert utan at det førte til nokon reaksjon.
Tidlegare laurdag, i 16-tida, fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrd inn i ein fortauskant i Byvegen nær Os sentrum.
– Bilførar er ein mann i 70-åra. Det blei ikkje oppretta sak, men politiet dirigerte trafikken på staden.
Laurdag i 23.tida fekk politi og brannvesen melding om at nokon hadde kasta fyrverkeri i ein Fretex-konteinar.
– Det var røyk frå konteinaren då patrulje kom til staden, men brannvesenet fylte den med vatn så brannen blei sløkt.
– Vi har foreløpig ikkje informasjon om moglege gjerningspersonar, men vil følgja opp saka i det forebyggande sporet.