Politi | 15. mai 2022

Ber om tips etter at jente blei påkøyrd

Blå bil køyrde frå staden etter uhell i fotgjengarfelt.

(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. mai 2022 07:55

Laurdag rundt klokka 13.15 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Os sentrum.

Ei 13 år gamal jente hadde blitt påkøyrd i eit fotgjengarfelt.

– Jenta er uskadd. Vi har vore i kontakt med mora og oppretta sak, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Den involverte bilen stakk frå staden. Bilen er blå, bilførar skal ha vore ei kvinne.

– Vi ber bilførar melda seg. Vi ønskjer også kontakt med eventuelle vitne til hendinga, seier Lyssand.

Uhellet skal ha skjedd nær rundkøyringa, i fotgjengarfeltet frå Os terminal og Os taxi over Hatvikvegen mot Esso.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.