Lokal | 25. apr. 2019

Mister også plansjefen

Auka press på plan og bygg: Ein av leiarane under Aina Tjosås sa seg opp før påske.

Mister også plansjefen
Rådmann Christian F. Fotland må no leiga inn fleire konsulentar for å halda kapasiteten oppe innan plan og bygg i Os kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2019 10:30

Tidlegare torsdag blei det kjent at kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os og seinare Bjørnafjorden kommune, Aina Tjosås, i dag har sagt seg opp.

Tjosås går på dagen.

• Les òg: – Vi har for mange planar (2015)

– Vi blei einige om, slik situasjonen er, at det er det beste for begge partar, seier rådmann Christian F. Fotland til Midtsiden.

Midtsiden har kjennskap til at også Tina Sinclair, som overtok som plansjef då Tjosås rykte opp til kommunalsjef-stilling, har sagt seg opp.

– Det er rett. Ho sa seg opp i mars og har sin siste arbeidsdag hos oss i juni, stadfestar Fotland.

Oppdatert/presisering: Dette skal ikkje ha samanheng med at andre sine oppseiingar.

– Tina har fått ein spennande jobb i Vestland fylke, fortel rådmannen.

På etterskot

– Er det fleire innan plan og bygg som har sagt seg opp i år?

– Nei, det er det ikkje.

– Vi har høyrd om utfordring med stort sjukefråvær i avdelinga, stemmer det?

– Eg ønskjer ikkje å kommentera sjukefråvær ved spesifikke avdelingar. Men arbeidspresset er høgt. Vi har 1500 byggesaker i året, noko som tilsvarar 5-6 vedtak per dag, og har ikkje klart å halda alle fristane. I tillegg ligg vi etter på fleire plansaker.

– Våre forseinkingar kan få store konsekvensar for blant anna bygg- og eigedomsbransjen, det ønskjer eg å beklaga.

– Kunne gjort meir

Rådmannen seier stillinga som ny plansjef vil bli lyst ut i mai.

– I mellomtida vil vi leiga inn eksterne konsulentar for å ta unna dei store arbeidsmengdene. Vi har allereie leigd inn to, men vil auka dette. Det tar tid for ein innleig konsulent å koma opp i same produksjon som ein erfaren tilsett.

– Kva er blitt gjort for å redusera arbeidspresset undervegs?

– I budsjettet i haust la vi inn yttarlegare to stillingar i planavdelinga. Men eg ser at vi ikkje har gjort nok, vi burde nok ha leigd inn eksterne konsulentar tidlegare.

– Er det arbeidet med kommunesamanslåing som har skapt det høge presset?

– Arbeidet med kommunereforma er krevjande, men eg vil ikkje skulda på dette. Det har kome på toppen av ein frå før travel arbeidskvardag, seier Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.