Samferdsle | 29. nov. 2023

Mor reagerer på stengt leikeplass og glatt parkering

– Er det riktig at ungane må vera inne fordi kommunen ikkje klarer å prioritera ein kommunal barnehage?

Mor reagerer på stengt leikeplass og glatt parkering
Os barnehage sin leikeplass har vore stengt fleire dagar. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 29. nov. 2023 11:51

Måndag kveld tok ei fortvila mor til ein unge i Os barnehage kontakt med Midtsiden-redaksjonen.

Ho fortel om utfordringar knytt til levering og henting av dei små, og om ungar som ikkje kan leika ute grunna manglande salting.

Mora skildrar parkeringsplassen som ein skøytebane til fare for både ungar og foreldre og besteforeldre som leverer i barnehagen.

– Ikkje éin morgon har dei salta eller brøyta parkeringsplassen. Må det ei alvorleg ulykke til før nokon tar det på alvor? spør ho.

Seglande foreldre

Midtsiden var oppom barnehagen tysdag. På parkeringsplassen var det fleire foreldre som segla til og frå bilen.

Ein av dei føresette fortalde at henting nærmast er med livet som innsats.

Bildeserie:

Parkeringsplassen for dei tilsette. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Parkeringsplassen for dei tilsette. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Parkeringsplassen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Parkeringsplassen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Vegen opp til barnehagen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Vegen opp til barnehagen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Uteområdet til barnehagen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Elisabeth skøytar seg rundt på leikeplassen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Elisabeth skøytar seg rundt på leikeplassen. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
1 av 9

Elisabeth Norstrand er styrar i Os barnehage.

Ho kunne stadfesta at barnehagen ikkje har kunne hatt ungane ute grunna glatt leikeplass.

– Vi ventar ikkje at eit heilt leikeareal skal bli salta, men hadde håpa at vi kunne hatt ungane ute i ein ballbinge som vi har i barnehagen. Dessverre hadde snøen smelta og fryst igjen der òg, så det ligg ishinne på toppen, fortel Norstrand.

Norstrand seier at dei har meldt vidare til kommunen om både parkeringsplassen og uteområdet.

– Kven har ansvaret for å halda uteområdet ved like?

– Det er ikkje innlagt i mine oppgåver, men når det er sjukdom eller fråvær bidreg vi med det vi kan. Vi har strødd gangstiane rundt barnehagen, men mykje av strøet har hamna ned i isen etter at den tinte.

Norstrand forstår at vaktmeistrane gjer så godt dei kan. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Norstrand forstår at vaktmeistrane gjer så godt dei kan. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Barnehagen har rundt 30 tilsette og 80 familiar med éin eller fleire ungar i barnehagen.

Nordstrand forstår at situasjonen deira ikkje er unik, og at vaktmeistrane gjer så godt dei kan.

Sjukefråvær og auka arbeidsmengde

Dag Søfteland er leiar for eigedomsdrift i kommunen.

Han fortel at dei har hatt høg mengde med sjukefråvær, særskild no som influensaen herjar.

– Vi gjer så godt vi kan med den mannskapen vi har. Manglar vi nokre nevar, så er det lite vi får gjort med det.

Han fortel at dei har prioritert gangbane til hovudinngangar ved dei kommunale bygga, men at dei ikkje har kapasitet til å handtera uteområda.

Søfteland fortel at det er same mannskapen som saltar og strør som driftar dei kommunale bygga.

– Om vi skulle sett alle dei tilsette på strøing og salting, så hadde det vore ingen igjen på bygningane. Det må vera ein balanse.

Eigedsomdrift har ansvar for 17 skular, 8 barnehagar og resten av dei mange kommunale bygga. Totalt har dei ansvar for 160.000 til 170.000 kvadratmeter med byggmasse.

– Når vi har mange vekke frå jobb, så blir det valdsamt press på dei som er igjen. Mykje av tida fell vekk i transport, og det er grense for kor mykje overtid vi kan pålegga, seier Søfteland.

Hjelp til sjølvhjelp

Søfteland for eigedomsdrift fortel at det er sett ut strøkassar ved alle bygg som kommunen har ansvar for.

– Vi baserer oss på hjelp til sjølvhjelp, dersom du ser at det er glatt nær arbeidplass eller gangveg, så er det heilt suverent om folk kan bidra.

Søfteland fortel at dei gjerne skulle vore 20 fleire på arbeid på dagar som dette.

– Vi gjer det beste vi kan med dei ressursane som vi har, men når det er vanskelege forhold fleire stadar på same tid, blir det ikkje gode nok forhold utan at fleire bidrar.

Søfteland fortel at dersom det skulle vera tomme kassar, så er det viktig å melda frå.

– Vi sjekkar kassane men jamne mellomrom, men er det tomt, så er det berre å kontakta kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.