Sport | 28. nov. 2023

Kalde dagar og tidleg sesongstart

Fleire stadar i landet er det sett kulderekordar. Søndag landa det 40 cm snø i Eikedalen.

Kalde dagar og tidleg sesongstart
Fin flyt i Bavallen i februar i år. Voss Resort håper på sesongstart til helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 28. nov. 2023 09:43

Det er 5 minusgradar i Os i dag, og meldingar om kulde og opphaldsvêr til og med måndag.

Tysdag er det venta snø.

Det har vore uvanleg kaldt fleire stadar i Norge i haust. Oktober var på landsbasis 1,7 gradar kaldare enn normalt og det blei sett 43 kulderekordar, ifølgje Meteorologisk institutt.

November har òg vore kald, natt til i dag blei det sett fleire kulderekordar. Sør for Trondheim var det novemberrekord i Veiholmen (-7), Soknedal (-23,2) og Møsstrand (-20,8).

I fjellheimen har snøproduksjonen gått for fullt.

Myrkdalen hadde sesongopning laurdag 18. november og har ope kvar dag frå fredag 1. desember.

Voss Resort håper på sesongopning til helga, men har enno ikkje bestemt seg.

Eikedalen fekk 40 cm snø søndag 26. november, og har plan om opning neste helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.