Politi | 10. feb. 2023

Klink is: Politiet stengte Idrettsvegen

– Det var kaos i bakken!

Idrettsvegen klokka 21 torsdag kveld. Då var vegen opna igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. feb. 2023 08:31

Torsdag klokka 19.52 fekk Midtsiden-redaksjonen tips om kaotiske forhold i Idrettsvegen.

– Politiet har stengt vegen, alle må snu, skriv meldar.

Det var meldt vêromslag frå vått og varmt til sludd og kaldt i løpet av torsdag, og det første hintet fekk vi av sluddbygene rundt lunsjtider.

På kvelden kom det meir snø og sludd, og forholda blei vanskelege nokre stadar.

– I 18-tida var det forferdelige forhold på Byvegen frå Hjellemarka til Flåten, og svrt glatt i rundkøyringa inn til Prestegardsskogen og AMFI.

– Det er tydeleg at fleire har vore seint ute med saltet i ettermiddag, meiner meldar.

Politiet fortel at dei fekk melding om glatte forhold i Idrettsvegen klokka 19.02.

– Vi varsla kommunen, som sendte ut mannskap for å salta. Vegen blei opna etter dette, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Tidlegare på dagen, klokka 13.53, fekk politiet melding om eit anna hinder i trafikken.

– Eit tre låg ut på E39 Halhjemsvegen, ikkje så langt frå Lepsøyrysset. Delar av treet var overkøyrd av eit vogntog.

– Det låg kvistar i vegbanen som patruljen rydda vekk. Vegtrafikksentralen blei også varsla om forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.