Morgonfugl klar for å opna matvogna

Lunsj-Ekspressen har første dag i drift denne veka.

Lukasz Brekke framfor nydekorert vogn, førebels på midlertidig plassering i Kolskogheiane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. nov. 2021 16:45

I september viste kokken Lukasz Brekke fram den nyinnkjøpte foodtrucken sin, no er matvogna nymalt og ferdig utrusta.

– Eg har fått testa den nokre gongar, blant anna då Os Caravan & Fritid opna ny butikk. No er også alle papir på plass, fortel Lukasz.

Torsdag blir første dag i drift. Trass namnet, siktar han seg også inn på frukostmarknaden.

– Eg kjem til å opna klokka 06. Då er fleire på veg til jobb eller ut i felten, kanskje vil dei ha noko raskt, men smakfullt å eta.

Lukasz har fleire hjelparar, blant anna Jørgen og dottera Mille Marina, her under Os Caravan & Fritid si opningshelg. (Foto: KVB)

Brekke fortel om stor interesse for tilbodet, og nokre firma som har kontakta han.

– Planen er at eg også skal retta meg mot bedriftsmarknaden. Ved eit visst volum kan dei få maten levert, anten det er frukost eller lunsj.

Førebels står Lunsj-Ekspressen på midlertidig tomt litt over Røde Kors-bygget, der dei søker om å få ei meir permanent plassering.

Målet er at matvogna seinare skal stå her, nærmare Røde Kors-huset. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.