Fotball | 26. apr. 2023

Myrlid på lån til OBOS-klubb

Elias Heggland Myrlid går opp nok eit nivå.

Myrlid på lån til OBOS-klubb
Elias landa i Kristiansund i dag og reiste direkte på trening på Nordmøre stadion. (Foto: kristiansundbk.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. apr. 2023 15:38

Elias Heggland Myrlid frå Os er lånt ut frå SK Brann til Kristiansund BK.

Det betyr at osingen tar nok eit steg opp, frå 2. divisjon etter opprykket med Brann 2 i haust til OBOS-ligaen på lån.

– Han er ein spennande spelar som vi kjenner litt til frå før. Han har vist at han kan skåra mange mål, seier sportslig leiar Eirik Hoseth i KBK ifølgje klubben si heimeside.

Myrlid har skåra 37 mål på 38 kampar for Brann 2 frå 2021 til no i 2023.

– Dette er ein fin sjanse for Elias til å halda fram utviklinga si på, vi er sikre på at dette vil vera bra for han, seier sportsleg leiar i Brann, Jimmi Nagel Jacobsen.

Kristiansund hentar Myrlid grunna mange skadar i eiga angrepsrekke.

Kristiansund kom på 6. plass i fjoråret sesong i OBOS-ligaen, men har til no i år tatt berre tre poeng på tre kampar.

Utlånsavtalen gjeld i utgangspunktet til neste landslagspause, som er i juni.

Også osingen Vegard Leikvoll Moberg speler i OBOS-ligaen, for Kongsvinger. Kristiansund slo Kongsvinger 2-0 i førre runde, og om ikkje lån av Myrlid varer lengre enn til juni, vil dei to osingane ikkje møtast i kamp i denne omgang.

Neste kamp for Kristiansund går borte mot Mjøndalen laurdag. Mjøndalen har tatt berre eitt poeng på dei tre første kampane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.